Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Ei elv er ein naturleg vassveg. Elvar renn mot havet, ein innsjø eller ut i ei anna elv. Ei svært stor elv blir ofte kalla ei flod, medan ei svært lita elv er ein bekk. Ein kanal er ei menneskeskapt elv.
Elvar kan setta preg på landskapet på ulike vis. Over lang tid kan dei grava seg nedover i steingrunnen og laga bratte dalar, såkalla elvedalar eller V-dalar. På flatlandet vil ei elv ofte bukta seg til høgre og venstre framfor å renna rett – dette kallar ein å meandra. Der elva renn nedover ei fjellside, vil ho ofte danna ein foss. Ei stor elv som fører med seg mykje slam, kan danna eit elvedelta der ho renn ut i havet.
Sidan vatnet i elvane er ferskvatn, er livet i ei elv annleis enn livet i havet. Nokre artar, som laks, kan leva i begge miljøa.
I tider med mykje nedbør eller snøsmelting fører elvar med seg mykje vatn, og kan dermed fløyma over. Dette kan føra til skadar på liv og eigedom, men nokre samfunn, som det gamle Egypt rundt Nilen, har basert seg på næringsstoffa vårflaumen førte med seg.
I århundre har store og små elvar vore viktige ferdselsårer for transport av folk og varer i innlandet. Folk har slått seg ned langs elvar, og svært mange byar er bygde langs breidda av ei elv.
Elvar har òg hindra ferdsel ved å sperra den vegen ein ønskjer å ta. Mange imponerande bruer er bygde for å letta ferdsla over ei elv.
Elvar fører med seg vatn som kan brukast til irrigering i jordbruk. Dei inneheld òg mykje potensiell energi som kan brukast direkte, som til å driva vassmøller, eller til å laga straum ved at ein legg elva i røyr og bruker henne til å driva turbinar.
Ettersom mange elvar har hatt makta over skjebnen til så menneske, er dei blitt svært viktige i religionane og legendene deira. Innan hinduismen er eit stort tal elvar heilage, og mange av dei er personifiserte, som regel som ei gudinne.
Sjå òg Elvar i Noreg