Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Dua | |
---|---|
Latinsk namn | Columba |
Forkorting | Col |
Genitivsform | Columbae |
Symbologi | Namngitt av A. Royer |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | −35° |
Areal | 270 kvadratgrader nr. 54 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | Phact (α Col) (2,6. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +45° og −90° | |
Dua (frå latin Columba) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg like sør for Den store hunden og Haren.
Dua er heller lyssvakt, og den mest lyssterke stjerna, Alfa Columbae, har berre storleiksklasse 2,7. Alfa Columbae er ei blåkvit star som tradisjonelt har blitt kalla Phact. Alfa Columbae ligg 268 lysår frå jorda. Den einaste andre namngjevne stjerna i Dua er Beta Columbae, som har namnet Wazn. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 86 lysår frå jorda.[1]
Dua er stjernebiletet som ligg ved solart antapeks - jorda (og sola) flyttar seg bort frå retninga til stjernebiletet når solsystemet flyttar seg gjennom rommet.
Stjernebiletet inneheld den galopperande stjerna μ Columbae, som truleg vart driven bort frå ι Orionis-systemet.
Det ligg ein kulehop i Dua, NGC 1851 som har storleiksklasse 7. Ho ligg 35 000 lysår frå jorda og er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.[1]