Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Don Was

Don Was under Americana Music Association i Nashville (2010)
Fødd13. september 1952 (72 år)
FødestadDetroit
FødenamnDon Edward Fagenson
OpphavDetroit i Michigan i USA
AktivSidan 1971
SjangerRock, new wave
Instrumentbassgitar, gitar, vokal, piano
Tilknytte artistarWas (Not Was)
Orquestra Was, Bob Dylan, Rolling Stones, Bonnie Raitt, John Mayer, Bob Weir og Wolf Bros
Verka somMusikar, plateprodusent, platedirektør

Don Edward Fagenson (fødd 13. september 1952), kjend som Don Was, er ein USA-amerikansk musikar, plateprodusent og platedirektør. Han spelte sjølv hovudsakleg bass og var med å skipe funkrockbandet Was (Not Was). I seinare år produserte han songar og album for mange populære aritstar. I 2012 vart han direktør for jazzselskapet Blue Note Records.

Han produserte fleire album for Bonnie Raitt, inkludert Nick of Time i 1989, som vann Grammyprisen for årets album i USA. Han samarbeidde òg med Ziggy Marley, på Family Time, som vann årets beste barnealbum i 2009. Han produserte The Rolling Stones-albumet Blue and Lonesome, som vann Grammyprisen for beste tradisjonelle bluesalbum. For Rolling Stones, produserte han òg albuma Voodoo Lounge, Stripped, Bridges to Babylon, Forty Licks, Live Licks og A Bigger Bang.

Was produserte The B-52's-albumet Cosmic Thing, med hitten «Love Shack».

Utvald diskografi

Kjelder