Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Determinisme er innan filosofien læra om at alt som skjer er strengt årsaks-bestemt (determinert). Determinisme vert mellom anna nytta i moralfilosofien om standpunkt som nektar for at mennesket har fri vilje og hevdar at alle handlingar, tankar og slutningar er resultat av årsaker som på førehand finst i eller utanfor mennesket. Mange filosofar har meint det er nødvendig å nekte for streng determinisme fordi mennesket ellers ikkje kan ha ansvar for sine handlingar.
Innan fysikken er determinisme eit prinsipp som seier at dersom vi kjenner posisjonen og farten til alle partiklar i universet i eit bestemt tidspunkt, og kjenner alle krefter som til ei kvar tid verkar på partiklene, så kan vi føreseie alle framtidige (og fortidige) tilstandar til alle fysiske system i universet.
I nyare tid er idéen om at verda er deterministisk blitt prøvd tilbakevist gjennom kvantefysikk, men det er uklart om dette er ei gyldig tilbakevisning. Vitskapeleg determinisme er av Stephen Hawking ( i boka A Brief History of Time) definert som at «...noko som vil hende i framtida, kan bli forutsagt.» Han meiner vidare at det kan vere rom for determinisme også innan kvantemekanikken: