Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

«Dei katolske monarkane», Ferdinand til venstre og Isabella til høgre, og den katolske kyrkja i midten. Inskripsjonen over identifiserer dei som «Herr Ferdinand og fru Isabella, konge av Aragón og av Castilla».

Dei katolske monarkane (spansk Reyes Católicos) eller dei katolske majestetane var ein tittel som blei gjeven Isabella I av Castilla og Ferdinand II av Aragón då dei sameinte dei to kongerika sine gjennom ekteskapet sitt (personalunion). Pave Alexander VI gav dei denne tittelen som kompensasjon for å allereie ha gitt tittelen «den mest kristne» til kongen av Frankrike.

Spania under dei katolske monarkane

Ved ekteskapet blei det også gjeve paveleg dispensasjon for blodsslektskapen deira ved pave Sixtus IV. Begge var av slekta Trastámara og var tremenningar, ettersom dei stamma frå Johan I av Castilla.

Paret blei gift den 19. oktober 1469 i Valladolid. Isabella var då 18 år gammal og Ferdinand eitt år yngre. Ekteskapet var politisk, ettersome det sameinte kronene deira i éin familie, og historikarar har tradisjonelt rekna at sameininga av Spania vesentleg kan sporast tilbake til dette ekteskapet.

Nyare historieforsking har peikt på at under deira styre var Spania framleis eit samansett og kombinert monarki. Det bestod av Castilla og Aragón, som i stor grad blei verande skilde einingar i fleire tiår.

Tittelen «katolske majestetar» ble gitt til dei av pave Alexander VI i 1496, og var ikkje berre ei heidersneming, men også ei forplikting ved at dei skulle forsvare den katolske trua og dogme i rika sine.

Under regjeringstida deira og i den katolske tros navn blei det oppretta ein domstol, inkvisisjonen, som hadde som oppdrag å forfølgja og straffa alle han fann var falske kristne, kjettarar, jødar og muslimar.

Kjelder

Litteratur

  • Elliott, J.H. (1963): Imperial Spain, 1469-1716 (Pelican 1970)
  • Edwards, John (2005): Ferdinand and Isabella: Profiles in Power. Pearson Education. New York, New York.
  • Edwards, John (2000): The Spain of the Catholic Monarchs. Blackwell Publishers. Massachusetts.
  • Kamen, Henry (1991): Spain: 1469-1714 A Society of Conflict. Longman. New York, New York.