Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Anne Karin Elstad | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. januar 1938 Valsøyfjord |
Død | |
Yrke | Forfattar, lærar |
Periode | 1976-2006 |
Debut | Folket på Innhaug |
Nettstad | elstadsamlinga.no |
Anne Karin Elstad (fødd 19. januar 1938 i Valsøyfjord, død 4. april 2012 i Oslo)[1] var ein norsk forfattar.
Elstad var utdanna lærar, og jobba i yrket i mange år før ho vart forfattar på heiltid. Ho debuterte som forfattar i 1976 med romanen Folket på Innhaug, som er den fyrste av fire romanar i den populære serien om Innhaug-folket. Dei tre andre titlane er Magret (1977), Nytt rotfeste (1979]) og Veiene møtes (1980).
Elstad er også kjent for trilogien om Julie. Den fyrste var Julie (1993), som vart etterfylgd av Som dine dager er (1995), Lenker (1998) og Fri (2000). Romanen Odel (2003), var ei av dei mest selde bøkene i det året ho kom ut.
Ho fekk ei rekkje prisar for bøkene sine.
Anne Karin Elstad sat i styret for Den norske Forfatterforening frå 1983 til 1987.