Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Air (fransk for «arie») er ein variant av den musikalske songforma og namnet på forskjellige songliknande vokale- eller instrumentale komposisjonar.

Vokale air-komposisjonar til lutt og blokkfløyte vart populære i hoffet til Elisabeth I, mot slutten av 1500-talet og hadde ei blomstringstid fram til 1620-talet. Komponisten og luttspelaren John Dowland gav i 1597 ut First Booke of Songs or Ayres. Av dei mest kjende lutt-airane hans finst «Come again», «Flow my tears», «I saw my Lady weepe» og «In darkness let me dwell». Sjangeren vart utvikla av mellom andre Thomas Campion.

Airen kom seinare til å framførast ved særskilde hoff-festar der gjestene ofte hadde på seg prangande drakter som minna om makeradedrakter. Denne typen airar vert kalla courtly masquing ayre. Komponisten og zinkespelaren John Adson publiserte i 1621 Courtly Masquing Ayres.

Barokken og klassisismen

Populære døme på airar er den tredje orkestersuiten til Johann Sebastian Bach, Air og Air frå Water Music, i Suite i F-dur, HWV 348, av Georg Friedrich Händel.

Kjelder