Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.
Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
<400-talet fvt. (f.Kr.)> såg byrjinga av ei stordomstid for gresk kultur, med ei kulturell og politisk stordomstid for Aten og andre greske byar. Utviklinga av klassisk gresk filosofi som la grunnlaget for seinare europeisk tenking.
Persarriket var også mektig, og Hellas blei invadert av riket to gonger under Persarkrigane, men kom ikkje under persisk kongedøme.
Religionsgrunnleggjaren Gautama Buddha levde truleg i dette hundreåret.
490 f.Kr: Darius av Persarriket sende ein hær over Egearhavet mot Aten og Eretria som straff for at dei hadde støtta greske opprørarar i Vesle-Asia i 499 f. Kr. Eretria blei plyndra og brunnen, men Aten blei redda i Slaget ved Marathon. Bodberaren Philippides skal ha sprunge fire mil til Aten med bodskapen «Νενικήκαμεν» (nenikekamen, 'vi vann'), før han fall saman og døydde.