Infrastructure tools to support an effective radiation oncology learning health system
Innhald
Skjorgås | |
Skjorgås Foto: Wikimedia-brukar Dushyk
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Anseranatidae |
Slekt: | Anseranas |
Art: | Skjorgås A. semipalmata |
Vitskapleg namn | |
Anseranas semipalmata |
Skjorgås (Anseranas semipalmata) er ein vassfugl som lever i kystnære strøk i nordlege Australia og på savannar i det sørlege Ny-Guinea. Arten er monotypisk i den biologiske familien Anseranatidae, det vil seie einaste medlem i slekta og i familien.
Skildring
Skjorgjæser er lett kjennelege fuglar med svart og kvit fjørdrakt og gule føter. Føtene har berre dels symjehud mellom tærne, sjølv om gjæsene beitar på vegetabilsk materiale i vatnet som på land. Hannar er større enn hoer. I motsetnad til hos verklege gjæser, så gjer skjorgjæser ei gradvis myting slik at dei ikkje får ein periode utan evne til å flyge. Lætet frå skjorgåsa er ei høg tuting.
Systematikk
Denne arten er plassert i den biologiske ordenen Anseriformes, og i sin eigen familie Anseranatidae.[1] Skjorgåsa har det karakteristiske nebbet til andefuglar, men vert åtskild frå andre artar innanfor denne ordenen. Dei andre familiane i ordenen er Anhimidae (gjetarfuglar) og Anatidae (ender, gjæser og svaner) som inneheld alle dei andre taksa.
Økologi og status
Skjorgåsa finst i våtlandsbiotop som flaumområde og myrer. Ho er i mykje grad ein standfugl som berre flyttar seg litt i den tørre årstida. Dei er kolonihekkarar og selskapelege utanfor hekkesesongen når dei dannar store og støyande flokkar på opptil nokre få tusen individ. Skjorgåsa hekkar på bakken, eit typisk kull er på 5-14 egg. Somme hannar kan pare seg med to hoer.
I 2009 er denne arten er talrik i utbreiingsområdet. Men det meste av den sørlege bestanden blei utrydda i midten av 1900-talet av overdriven jakt og øydelegging av habitat. Etter det blei det gjennomført prosjekt for å innføre arten og populasjonen har igjen nådd eit nivå kor det kan drivast regelmessig jakt. I delstaten Victoria var skjorgåsa oppført som nær trua på den lokale rådgjevande lista i 2007. For Australia sett under eitt er populasjonen livskraftig og det førekjem kontrollert jakt i sesongen når tala er store.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Magpie-goose» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2009.
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Anseranas semipalmata. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. desember 2014.
- Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2014, Cornell Lab of Ornithology, henta 20. desember 2014
Fotnotar
- ↑ Clements et al, Updates & Corrections – August 2014 Ref til side 26