Infrastructure tools to support an effective radiation oncology learning health system

Cambridge
City of Cambridge

King's College Chapel sett frå The Backs
King's College Chapel sett frå The Backs
King's College Chapel sett frå The Backs
Plassering
Cambridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cambridgeshire
Grunnlagd Første hundreåret
Geografi
Flatevidd
 - By

115,65 km²
Koordinatar 52°12′29″N 0°7′21″E / 52.20806°N 0.12250°E / 52.20806; 0.12250
Høgd over havet 6 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer CB
Telefon-retningsnummer 01223
Nettstad: www.cambridge.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Cambridge

Cambridge er ein universitetsby i Cambridgeshire i England. Han er òg administrasjonby for grevskapet, og utgjer eit distrikt. Byen ligg omkring 80 km nord for London, og er omringa av ei rekkje mindre byar og landsbyar. Han er òg i hjartet Silicon Fen, der mange av dei viktigaste høgteknologiske føretaka og laboratoria i Storbritannia held til. Han har eit areal på 40,70 km², og kring innbyggjarar.

Solnedgang over Cambridge og elva Cam

Cambridge er mest kjend for universitetet, som òg inkluderer Cavendishlaboratoriet, King's College-kapellet og universitetsbiblioteket. Dei to sistnemnde bygningane dominerer utsjånaden til byen.

Historie

Dei eldste kjende busetjingane i området er frå sein bronsealder, omkring 1000 f.Kr, då det budde eit jegarfolk der. I jernalderen busette ei stamme på det som no er Castle Hill.

Den første større busetnadskonsentrasjonen kom med romarane. Castle Hill var ein godt stad for ein militær utpost, då det var mogleg å forsvare elva Cam derfrå. Staden var òg eit kryssingspunkt for Via Devana, som knytte Camulodunum med garnisonane i nord. Den romerske busetjinga fekk namnet Durolipons. Han vart verande eit regionalt senter fram til omkring år 400. Det er enno synlege restar etter romerske vegar og innhegningar i området.

Etter romarane kom angelsaksarane, som òg slo seg ned ved Castle Hill. Cambridge vart ein viktig handelsby, fordi han var eit praktisk knutepunkt i myrlandskapet som omgjev han. I Den angelsaksiske krønika blir byen nemnt som Grantebrycge; dette er den første referansen til ei bru der.

Krønika fortel vidare at vikingane kom til Cambridge i 875. I 878 vart grensene til Danelagen definert, og Cambridge var dermed under styret til danane. Den aktive handelsverksemda deira førte til at byen voks raskt, og sentrum flytta seg frå Castle Hill til området på den andre sida av elva, som no heiter Quayside. Dette kan seiast å markere ei endring frå ein strategisk plassert by til ein ren handelsby. Angelsaksarane kom tilbake etter at danane mista makta i området. Dei bygde i 1025 St. Ben's-kyrkja, som enno står.

I 1068, to år etter normannarane erobra England, bygde Vilhelm Erobraren eit slott på Castle Hill; derav namnet. Den spesielle Rundekyrkja er frå denne perioden. Namna til byen hadde no vorte Grentabrige eller Cantebrigge, medan elva heitte Granta. Byen vart etterkvart heitande Cambridge, medan elva vart heitande Granta lengje. Sjølv i dag går ho ofte under det namnet lokalt, sjølv om det formelt er endra til Cam for å passe med bynamnet. Universitetet brukar adjektivet cantabrigiensis, men dette er ei latinisering av det moderne namnet og ikkje eit eigenleg latinsk namn.

Eit av dei første utdanningssentera i byen var Pythagorasskulen, grunnlagt i 1200. Bygningen står enno ved St John's College.

I 1209 flykta ein del studentar frå valdshandlingar i Oxford, og grunnla eit universitet. Peterhouse College, det første, vart grunnlagt i 1284. King's College-kapellet vart påbegynt i 1446 av Henrik IV, og fullført under Henrik VIII i 1515.

Cambridge University Press fekk trykkelisensen sin i 1534. I 1610 vart den første drikkevassleidninga lagt inn i byen; delar av han er bevart. Jarnbana kom i 1845, og tradisjonane fortel at det var universitetsleiinga som sørgde for at han vart lagt godt utanfor sentrum, slik at ikkje studentane skulle bli freista til å reise til London.

Sjølv om universitetsbyar normalt får status som city, og ikkje berre town (sjå bystatus), fekk ikkje Cambridge denne statusen før i 1951. Årsaka er at han ikkje er ein katedralby, noko som tradisjonelt er eit krav for status som city.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Cambridge