Infrastructure tools to support an effective radiation oncology learning health system

Bristol
by
Motto: «Virtute et Industria» – 'Dyd og industri'
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Seremonielt grevskap Bristol
Høgd 11 m
Areal 109,6 km²
Folketal 472 465 (21. mars 2021)[1]
Bystatus 1155
Postnummer BS
Retningsnummer 0117
Kart
Bristol
51°27′13″N 2°35′51″W / 51.453611111111°N 2.5975°W / 51.453611111111; -2.5975
Wikimedia Commons: Bristol

Bristol er ein by i det sørvestlege England, ved elva Avon. Han utgjer òg eit eige seremonielt grevskap, og er ei sameint styresmakt (unitary authority).

Byen strekkjer seg ned til kysten ved Bristolkanalen. Området ved sjøen kallast Avonmouth («Avonoset»). Forstadene er òg underlagt same administrasjon; blant desse finst Kingswood, Filton, Patchway, Mangotsfield og Keynsham. Bristol er den åttande største byen i England og den ellevte største i Storbritannia (etter folketal). Fram til omkring 1780 var han den nest største byen i England etter London.

Avon markerte tradisjonelt grensa mellom Gloucestershire og Somerset. I 1383 erklærte kong Edward III at «heile byen Bristol skal vere eit grevskap i seg sjølv, og kallast grevskapet Bristol for evig tid». På kart vart han likevel gjerne vist som ein del av Gloucestershire, og etterkvart som byen spreidde seg på sørsida av elva vart grensa flytta. I 1974 vart han eit distrikt i grevskapet Avon, men 1. april 1996 vart dette grevskapet avskaffa og Bristol vart dermed igjen eit eige grevskap og ei sjølvstyrt eining.

To profesjonelle fotballklubbar kjem frå byen, Bristol City FC og Bristol Rover sin FC. Det er ei sterk rivalisering mellom dei to klubbane.

Galleri

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 "City of Bristol (Unitary District, City of Bristol, United Kingdom) - Population Statistics, Charts, Map and Location"; arkiveringsdato: 5. juli 2023; vitjingsdato: 5. juli 2023; fulltverk tilgjengeleg på: http://www.citypopulation.de/en/uk/admin/city_of_bristol/E06000023__bristol/; arkiv-URL: https://archive.is/vuSRN.

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Bristol frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: Bristol