Infrastructure tools to support an effective radiation oncology learning health system

Bon Iver

OpphavEau Claire i Wisconsin i USA
Aktiv2007–
SjangerFolkrock, indierock, indiefolk
Tilknytte artistarKanye West
James Blake
PlateselskapJagjaguwar, 4AD
MedlemmerJustin Vernon
Michael Noyce
Sean Carey
Matthew McCaughan
C.J. Camerieri
Michael Lewis
Colin Stetson
Greg Leisz
Rob Moose
Reginald Pace
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Libera Award for Record of the Year

Bon Iver er eit USA-amerikansk folkeband som vart skipa i 2007 av songaren Justin Vernon. I tillegg til Vernon har bandet medlemmene Michael Noyce, Sean Carey og Matthew McCaughan. Vernon gav ut debutalbumet For Emma, Forever Ago uavhengig i juli 2007. Det meste av albumet var spelt inn medan Vernon var tre månader på ei hytte nordvest i Wisconsin. Bon Iver vann prisen for beste nye artist og prisen for beste alternative musikkalbum for det sjølvtitulerte albumet deira under Grammy Awards i 2012.[1][2][3] Namnet Bon Iver er utleidd frå det franske uttrykket bon hiver, som tyder «god vinter» eller «ha ein god vinter».[4]

Bandets første album, For Emma, Forever Ago (2007), har eit akustisk preg og er stort sett gitarbasert. Falsetten til Vernon vert komplementert av harmoniske korestemmer, og denne kombinasjonen av akustisk gitar og harmonisk song var lenge kjenneteiknet til Bon Iver. På det andre albumet, Bon Iver, Bon Iver (2011), involverte Vernon fleire musikarar, og lydbiletet vart større og noko annleis. Med innslag av programmerte trommer, perkusjon, blås, stryk, tangentar og elektriske gitarar – med effektar som klang, delay og vreng – vart uttrykket større og tidvis hardare på dette albumet. Likevel er falsettharmoniane, den akustiske gitaren og dei indiefolkinspirerte låtane sterke fellesnemnarar som gjer at Bon Iver held på særpreget sitt også på dette albumet.[5] I 2016 gav gruppa ut albumet 22, A Million, som markerte eit større skifte i lydbiletet frå gruppa. Musikken i albumet tek element frå elektronisk musikk og hip-hop, og gjer omfattande bruk av sampling, synthesizers og andre effektar.

Bon Iver har i løpet av si fartstid spelt på fleire store festivalar, som Glastonbury, Coachella og Øyafestivalen. Dei har også vore på fleire talkshows, deriblant Late Show with David Letterman, The Ellen DeGeneres Show og Jimmy Fallon Show. I tillegg har fleire av songane til gruppa vorte brukt i filmar og TV-seriar, som Grey’s Anatomy, Chuck og One Tree Hill.[5]

Diskografi

Studioalbum
EP-ar

Kjelder

  1. Grammy Winners 2011
  2. Wappler, Margaret (February 12, 2012). «Grammys 2012: Bon Iver wins for best new artist». Los Angeles Times. Henta February 13, 2012. 
  3. Judki, Maura (February 13, 2012). «Bon Iver’s Best New Artist win confuses Grammy viewers». Washington Post. Henta February 13, 2012. 
  4. Caramanica, Jon (June 3, 2011). «Who, What and Where is Bon Iver?». The New York Times. Henta February 13, 2012. 
  5. 5,0 5,1 Runa Husøy. «Bon Iver». Store norske leksikon. Henta 20. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff