Infrastructure tools to support an effective radiation oncology learning health system
Innhald
Den andre verdskrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Allierte styrkar går i land i Normandie på D-dagen i 1944. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Aksemaktene:
Det stortyske riket |
Dei allierte: Sovjetunionen (1941-1945) | ||||||
Kommandantar | |||||||
Adolf Hitler † |
Josef Stalin Franklin D. Roosevelt | ||||||
Tap | |||||||
Militære tap: Over 16 millionar drepne Sivile tap: |
Militære tap: Over 8 millionar drepne Sivile tap: |
Den andre verdskrigen var den mest omfattande militære konflikten i verdshistoria. Krigshandlingar skjedde i fleire verdsdelar samstundes. Krigen kosta fleire titals millionar menneske livet. Krigen i Asia byrja med Japan sitt forsøk på å leggja under seg delar av Kina i 1931. I Europa braut krigen ut i 1939. Tyskland gjekk til åtak på Polen.
Aksemaktene var Tyskland, Italia, Japan og deira allierte. «Dei allierte» var i all hovudsak Storbritannia, USA, Sovjetunionen og Kina. Krigen enda med Japan sin kapitulasjon 2. september 1945. Sambandsstatane (USA) hadde sleppt atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki, og utrydda hundretusenvis av japanske sivile.
Dei skandinaviske landa var nøytrale. Tyskland gjekk til åtak på Noreg og Danmark i byrjinga av april 1940. Tilsvarande vart Island, Færøyane og Grønland (danske koloniar) hærsett av dei allierte.
Finland måtte først forsvara seg mot sovjetisk åtak under Vinterkrigen vinteren 1939-40, noko dei gjorde godt og fekk mykje sympati for. Men dei finske leiarane allierte seg så med nazi-Tyskland i det finnane kallar "Framhaldskrigen" mot Sovjetunionen frå sommaren 1941, der dei ikkje berre tok att tapte område, men dreiv krigføring langt inn på udiskutabelt sovjetisk område ilag med dei nazistiske styrkane. I 1944 trekte Finland seg frå denne svært uheldige alliansen med Adolf Hitler, og utkjempa Lapplandskrigen. Finnane fekk til ein etter måten gunstig fredsavtale med Sovjetunionen som gjorde at finsk sjølvstende og demokratisk styreform vart bevart. Men dei måtte gå med på nokre grenseendringar (som blant anna gjorde at Noreg fekk felles grense med Sovjetunionen.
I Europa var berre Sverige, Irland, Sveits, Portugal og Spania formelt nøytrale gjennom heile krigen.