Informatics Educational Institutions & Programs

Endra lenkjer
Portugisisk
Português
Klassifisering Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Talarar portugisarar
Bruk
Tala i Der det har offisiell status, og i tillegg Andorra, Canada, Ekvatorial-Guinea, Frankrike, Luxembourg, Namibia, Paraguay, Sør-Afrika, Uruguay, USA, Venezuela og andre land.
Portugisisktalande i alt 202 til 209 millionar
Rangering 13
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Angola, Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macao, Mosambik, Portugal, São Tomé og Príncipe og Aust-Timor
Normert av Det internasjonale portugisiske språkinstitutt, under CPLP
Språkkodar
ISO 639-1 pt
ISO 639-2 por
ISO 639-3 por
Wikipedia på portugisisk

Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål.

Språket er ein del av den romanske språkklassa. Galisisk, som blir snakka i Galicia nord for Portugal, er nært i slekt med portugisisk, og i språkvitskapen blir dei to gjerne rekna som eitt språk.[1] Politisk er dei likevel to språk på det viset at dei har kvar si rettskriving og oftast blir nemnd med kvart sitt namn.

Portugisisk liknar så mykje på spansk (kastiljansk) at morsmålstalarar finn det enkelt å lære å forstå kvarandre. Det har mykje av ordforrådet til felles med dei andre romanske språka. Som dei fleste av dei, har språket to grammatiske kjønn og ei rik verbbøying. Det har faktisk former som ikkje finst eller er sjeldne sjølv i nærskylde språk, mellom anna ein infinitiv som kan bøyast i person og tal.

Utbreiing

Portugisisktalande område i verda.

Portugisisk er morsmålet til det store fleirtalet av innbyggjarane i Portugal og Brasil. Det er også morsmål eller andrespråk for mange andre i dei tidlegare portugisiske koloniane og tilstøytande område. Stor portugisisk utvandring til andre land frå 1900-talet gjer at det bur mange portugisisktalande m.a. i Nord-Amerika, Venezuela, Sør-Afrika og Frankrike.

Alle tala i tabellen under er tilnærmingar. Ekvatorial-Guinea skal vere i ferd med å gjere Portugisisk til offisielt språk og søkje om fullt medlemskap i Samveldet av portugisisktalande land (CPLP).[2]

* = offisielt språk     CPLP = medlem i CPLP      OBS = observatør i CPLP

Land Folketal[3] Portugisisk som morsmål[4] Kommentar
Brasil *CPLP 190.000.000[5] 186.000.000 Om lag 98 % av heile folketalet er i tråd med utbreiinga av dei enkelte språka i landet hjå Ethnologue.com[4]
Portugal *CPLP 10.600.000[6] 10.000.000
Kapp Verde *CPLP 500.000[7] 15.000 Dei fleste snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk.
São Tomé og Príncipe *CPLP 157.000[8] 2500 Dei fleste snakkar portugisisk-baserte kreolspråk.
Guinea-Bissau*CPLP 1.500.000 - Afrikanske språk og portugisisk-basert kreol.
Angola *CPLP 12.500.000 57.000 Overslag frå 1993. Det blir hevda at talet no er mykje større.[9]
Mosambik*CPLP 21.300.000 1.800.000[3]
30.000[4]
Andrespråk for 5 700 000[3]
Aust-Timor *CPLP 800.000-
1.100.000[3]
Macau * 545.000 2000
Ekvatorial-Guinea (*)OBS 600 000[3] -
1.000.000[10]
- 2 500 (1999)[4] av annobonfolket(1,6 % av folketalet)[10] snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk. Dei nyttar portugisisk som kyrkjespråk.[4]
Senegal OBS 12.850.000 - 45 000 snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk
Mauritius OBS -
Andorra 82.000 9000[3]
Antigua og Barbuda 84.500 1600
Belgia 10.400.000 80.000
Canada 33.000.000 220.000
Congo 3.900.000 600
Frankrike 62.000.000 750.000 567 000 Portugisiskfødde i 2005[11]
India 1.150.000.000 250.000 Mindre brukt av nye generasjonar.
Jamaica 2.800.000 5000
Luxembourg 486.000 100.000 76 600 portugisarar i 2008[12]
Malawi 13.900.000 9000
Namibia 2.000.000 ?[4][13] Både Ethnologue.com og nettsidene til den namibiske regjeringa melder at portugisisk blir nytta, men oppgjev ikkje noko tal.
Paraguay 6.800.000 630.000
Saint Vincent og Grenadinane 120.000 200
Sør-Afrika 48.800.000 600.000
Spania 46.000.000[14] ? 125 000 portugisiske og 115 000 brasilianske statsborgarar[14]
Storbitannia 61.000.000 17.000
Sveits 7.500.000 86.000
Uruguay 3.500.000 28.000
USA 303.000.000 1.300.000 630.000 brasiliansk og portugisisk-ætta som er meir enn 5 år gamle snakkar ikkje (berre) engelsk heime.[15]
Venezuela 26.000.000 ? Denne nettstaden[16] skreiv (2004?) at det portugisiske konsulatet meinte det var 550 000 portugisiskætta personar i landet.

Alfabetet

Det portugisiske alfabetet har 23 bokstavar.

A B C D E F G H I J L M N O P Q R S T U V X Z
a b c d e f g h i j l m n o p q r s t u v x z

I tillegg blir K(k), W(w) og Y(y) nytta i internasjonale forkortingar og symbol, og til å skrive utanlandske namn og avleiingar av desse. Dei finst på datatastatura og blir plassert som på norsk i alfabetiske lister. Når Rettskrivingstraktaten av 1990 trer i kraft, skal dei offisielt bli delar av alfabetet.
Diakritiske teikn blir nytta og er obligatoriske. Dei kan gje desse kombinasjonane: á, à, â, ã, é, ê, í, ó, ô, õ, ú, ü, ç
ü skal falle bort med den nye rettskrivinga.

Grammatikk

Ordstilling

Den grunnleggjande ordstillinga er SVO (subjekt – verbal - objekt). Dette gjeld sjølv i spørsmål.

Ele gostou do filme. Han likte filmen.
Ele gostou do filme? Likte han filmen? Det er tonefallet og spørsmålsteiknet som viser at det er eit spørsmål.
Ele não gostou do filme. Han likte ikkje filmen.

Fleire ting kan likevel endre ordstillinga. Objektspronomen kjem før verbet ved nekting. Spørjepronomen og relative pronomen kjem først i setninga.

Quantos tens? Kor mange har du? (OV)
O homem que(O) vi(V) ... Mannen (som) eg såg ...

Lange setningsledd kan komme til slutt og ny informasjon kan bli plassert etter verbet. Objektet kan au stå først for å bli framheva. Slik er OSV, OVS, VOS, og VSO alle moglege.

Pronomen

Personlege pronomen og tiltaleformer

Dei personlege pronomena skil mellom subjekt og objekt, og i tredje person mellom hankjønn og hokjønn (også i fleirtal) og mellom direkte og indirekte objekt. Subjektet er ikkje alltid naudsynt i setninga sidan verba blir bøygd i person og tal.

Subjekt
Objekt og komplement til preposisjon
Utan preposisjon
Med preposisjon
Med preposisjonen com
Direkte
Indirekte
Person
m
f
m
f
m
f
Eintal
1.
eu
me
mim
comigo
2.
tu
te
ti
contigo
Tiltaleform
você
o
a
lhe
si/você
consigo / com você
3.
ele
ela
o
a
lhe
ele
ela
com ele
com ela
Fleirtal
1.
nós
nos
nós
connosco
2.
vós
vos
vós
convosco
Tiltaleform
vocês
os/vos
as/vos
lhes/vos
vocês
convosco / com vocês
3.
eles
elas
os
as
lhes
eles
elas
com eles
com elas

Desse pronomena ser av og til annleis ut fordi somme av dei dannar samantrekningar med visse preposisjonar, med verb som står føre dei, eller med kvarandre. Tredje person fleirtal (me/vi) kan heite a gente i uhøgtideleg tale. Det tek verbet i 3. pers. eintal. Ein kan høyre 1. pers. fleirtal men dette blir rekna som ein grammatikkfeil. Brasilianarar nyttar ofte ele(s)/ela(s) (uformelt) og você som objekt, og dessutan te, sjølv om dei ikkje seier tu.[17]

Objektsformene i første og andre person fungerer som refleksivt og resiprokt pronomen. I tredje person gjeld desse formene:

Subjekt
Refleksive /resiproke pronomen
Person
Utan preposisjon
Med preposisjon
Samantrekning med com
3.
você(s) / ele(s) / ela(s)
se
si
consigo

Den gamle subjektsforma i 2. pers. fleirtal (vós) finst i vanleg bruk berre nokre stader i Portugal[18], men blir nytta ved spesielle høve, særleg gudstenester. Eintalsforma (tu) er utdøydd i størstedelen av Brasil.[19] I Portugal blir tu først og fremst nytta når ein snakkar til barn eller nære venner, særleg barndomsvenner. Sjølv mellom familiemedlemmer er det ikkje alltid ein sjølvsagt ting å bruke tu. I tillegg til og i staden for tu og vós finst tiltaleformer som você, vocês og fleire andre som fungerer som fullverdige personlege pronomen.[20] Blant dei som kan vere meir «høflege» enn você, er o senhor (herren), a senhora (frua), akademiske titlar og namnet på den ein snakkar til. Alle desse tek verbet i tredje person. Tilsvarande objekt og eigedomsord kjem ofte frå tredje person, men ikkje alltid. Ei setning med verbet i tredje person utan uttrykt subjekt er au mogleg:

Como está (você)? Korleis står det til? Bokstaveleg: Korleis er du/De?

Objekt utan preposisjon kjem i utgangspunktet etter verbet i Portugal.

Ofereci-lhes um livro. Eg gav dei ei bok.
Eu amo-te. Eg elskar deg.
Eu te amo. Eg elskar deg. Vanlegare i Brasil. Você(s) og ele(s)/ela(s) som objekt kjem likevel etter verbet.

Men ofte, m.a. i nektingar, kjem dei før verbet.

as comprou. Han har («allereie») kjøpt dei.
Não se amam? Elskar dei ikkje kvarandre?

Påpeikande pronomen

Når det er snakk om stad, skil påpeikande pronomen og determinantar mellom det som er nært talaren (isto), det som er nært lydaren (isso), og det som er lenger unna begge (aquilo). Stadadverba har eit tilsvarande skilje.

Eintal
Fleirtal
Ubøygd Adverb
m f m f
este esta estes estas isto aqui
esse essa esses essas isso
aquele aquela aqueles aquelas aquilo ali, lá

Mellom dei andre påpeikande pronomena finst o/a/os/as som i form er likt bunden artikkel eller enkelte former av personleg pronomen.

Faz o que te mando! Gjer det eg gjev deg ordre om!

Eigedomspronomen

Eigedomspronomenet bli bøygd i kjønn og tal. Tredje person kan vere fleirtydig.

É seu. Den er hans/hennar/din/Dykkar/deira. (Pronomenet står for eit hankjønnsord.)
É sua. Betyr det same, men handlar om ein ting som er hokjønn på portugisisk.

Ein kan au setje preposisjonen de saman med eit personleg pronomen:

dele = hans, dela = hennar, deles/delas = deira, de você / do senhor / da senhora= din/Dykkar

Substantiv

Substantiva kan variere i tal, kjønn og grad[21], sjølv om berre kontrasten i tal vert kalla bøying i den nye terminologien for det portugisiske skuleverket.[22]

Tal

Det blir skilt mellom eintal og fleirtal.

Former

Fleirtal får ein stort sett ved å leggje -s til ei eintalsform som endar på vokal, og -es når ho endar på ein konsonant.

mãe – mães mor - mødre

lobo – lobos ulv - ulvar

noueguês – noruegueses nordmann - nordmenn

Somme ord med trykksterk - o - går over frå lukka (omtrent som lang norsk å-lyd) til meir open lyd i fleirtal. Dette visest ikkje i skrift. Det gjeld den første o-en i ovo:

ovo – ovos egg – egg

Substantiv som sluttar på -ão kan vere uregelrette

irmão – irmãos bror - brør

balão – balões ballong - ballongar

cão – cães hund – hundar

Når ordet sluttar på -l, blir han oftast borte i fleirtal.

animal – animais dyr – dyr(fl.)

Det finst ord utan fleirtalsending.

lápis – lápis blyant – blyantar

Samansette substantiv med bindestrek kan vere spesielle.

obra-prima - obras-primas meisterverk

guarda-chuva - guarda-chuvas paraply – paraplyar

pára-quedas - pára-quedas

= paraquedas - paraquedas (i den nye rettskrivinga) fallskjerm – fallskjermar

navio-escola - navios-escola skuleskip

Bruk

I utgangspunktet nyttar ein fleirtal der det er snakk om fleire enn ein. Det finst substantiv som alltid står i fleirtal.

óculos briller

Kollektive namn viser til fleire individ når dei står i eintal.

alcateia ulveflokk

Somme substaniv er uteljelege og får ei anna tyding dersom dei opptrer i fleirtal.

farinha mjøl

água - águas vatn - hav/urin/fostervatn

Kjønn

Substantiv er av enten hankjønn eller hokjønn. Kjønnet avgjer forma på andre ord som står til substantivet eller erstattar det i dei tilfella der desse orda har to former. Dette gjeld determinantar, kvantifikatorar, adjektiv og pronomen.

Kjønnet er i utgangspunktet vilkårleg, men det finst reglar som kan hjelpe i mange tilfelle. Om ord sluttar på trykksvak o er dei ofte av hankjønn, og hokjønn om dei sluttar på trykksvak a, men det finst mange unntak. I desse eksepla er o og a den bundne artikkelen.

Namn på sjøar, hav, fjell, elvar og vindar der desse orda er underforstått er hankjønnsord:

o (rio) Tamisa(elva) Themsen

Namn på byar og øyar i same situasjon er hokjønnsord:

a Sicília

Men somme bynamn er av hankjønn:

o Porto

Når det gjeld levande skapingar følgjer det grammatiske kjønnet gjerne det naturlege:

o homem mannen

a mulher kvinna

o padre presten, i slekt med ordet «far»

men:

o cônjuge ektefellen, a pessoa personen, og fleire har same grammatiske kjønn same kva person dei viser til. Slik er det au med somme dyr.

Somme substantiv kan opptre i begge kjønna, eller det finst eitt ord av kvart kjønn som ofte kjem av same rota. Då lyt ein rette seg etter kjønnet til det eller dei individa ein snakkar om, medan det eine ordet i tillegg kan vise til individ av begge eller ukjent kjønn.

o pai faren

os pais fedrene eller foreldra

a mãe mora

as mães mødrene

På same viset:

o aluno eleven

a aluna eleven, når me veit det er ei kvinne/jente

o jornalista journalisten

a jornalista den kvinnelege journalisten

o juiz dommaren

a juíza den kvinnelege dommaren, men:

o juízo fornufta, vurderinga

Eit spesielt tilfelle er dette:

a avó bestemora

as avós bestemødrene

o avô bestefaren

os avôs bestefedrene

os avós besteforeldra

Det kan dessutan vere ein liten skilnad i tydinga mellom to substantiv som ser ut til å danne par:

a guia (den kvinnelege) guiden

o guia guiden, men dessutan pakksetelen, handboka m.m.

Kjelder

  1. Til dømes Lindley Cintra, Nova proposta de classificão dos dialectos galego-portugueses in Boletim de Filologia, Lisboa, Centro de Estudos Filológicos, 22, 1971, pp. 81-116.pdf Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.
  2. [1][daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 CIA World Factbook, 2008, arkivert frå originalen 12. august 2008, henta 10. november 2008 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Gordon, Raymond G., Jr. (ed.), 2005. Ethnologue: Languages of the World, Fifteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International. Online version: [2]. Somme tal kan vere frå 1990-talet.
  5. Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística
  6. Instituto Nacional de Estatística (Portugal)
  7. Instituto Nacional de Estatística (Cabo Verde)
  8. Instituto Nacional de Estatística (São Tomé e Príncipe), arkivert frå originalen 24. mai 2012, henta 10. november 2008 
  9. L'aménagement linguistique dans le monde, arkivert frå originalen 24. april 2002, henta 10. november 2008 
  10. 10,0 10,1 Offisielle tal
  11. Institut National de la statistique et des etudes économiques
  12. Statec
  13. About namibia, arkivert frå originalen 16. mai 2010, henta 16. mai 2010 
  14. 14,0 14,1 2008, Instituto Nacional de Estadística (Spania)
  15. U.S. Census Bureau, arkivert frå originalen 23. desember 2008, henta 10. november 2008 
  16. [3]
  17. Cook, side 118
  18. Cuesta s 487-8
  19. Cuesta s 488, Cook s 43
  20. Cunha, Cintra side 292
  21. Cunha, Cintra
  22. TLEBS

Bakgrunnsstoff

Wikipediaportugisisk