Informatics Educational Institutions & Programs
Innhald
MeSH (Medical Subject Headings) organiserer emneord for bibliografisk indeksering og katalogisering av journalartiklar og bøker om medisin og medisinsk forsking. Det er eit stort metadatasystem som tidlegare kom ut kvart år i prent utgåve men nå er fritt tilgjengeleg på Internett.
Det er den amerikanske National Library of Medicine (NLM) som har utvikla systemet og som oppdaterer det. Det er i bruk ikkje berre ved NLM men også ved MEDLINE/PubMed artikkelbasen. Kvar post kan opptre i fleire hierarkiske «tre». Dei fleste postane har også ein kort definisjon, lenkjer til relaterte postar og til ei liste synonym og nesten-synonym.
Eit døme: Jet Lag
«Jet Lag Syndrome» opptrer i tre ulike tre, og har 3 tre-nummer: Jet Lag
Trenummer C10.281.440
- C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
- C10.281 = Kronobiologiske sjukdommar.
- C10.281.440 = Jet Lag Syndrome.
Trenummer C10.886.425.200.500
- C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
- C10.886 = Søvnforstyrringar.
- C10.886.425 = Dyssomniar.
- C10.886.425.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
- C10.886.425.200.500 = Jet Lag Syndrome.
Trenummer F03.870.400.200.500
- F03 = Psykiske lidingar.
- F03.870 = Søvnforstyrringar.
- F03.870.400 = Dyssomniar.
- F03.870.400.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
- F03.870.400.200.500 = Jet Lag Syndrome.
Definisjonen er «Ei kronobiologisk forstyrring som resultat av reiser over fleire tidssoner, karakterisert ved søvnvanskar, trøyttleik, åtferdssymtom, hovudverk og mage- og tarmforstyrringar.»
Søkbare synonym er «Tidssoneendringsyndrom» og «Tidssonesyndrom» og det står Sjå au: Reise.
Hovudkategoriane
- [A] Anatomi
- [B] Organismar
- [C] Sjukdommar
- [D] Kjemikaliar og farmakologiske substansar
- [E] Analytiske, diagnostiske og terapeutiske teknikkar og utstyr
- [F] Psykiatri og psykologi
- [G] Biologisk vitskap
- [H] Realfag
- [I] Antropologi, utdanning, sosiologi og sosiale fenomen
- [J] Teknologi og mat og drikke
- [K] Humanistiske fag
- [L] Informasjonsvitskap
- [M] Personar
- [N] Helsetenester
- [V] Karakteristikk av publikasjonar
- [Z] Geografiske lokalitetar
Bakgrunnsstoff
- Medical Subject Heading Home provided by National Library of Medicine, National Institutes of Health (U.S.)
- MeSH på norsk (omsetjing og søkeverktøy av original Medical Subject Healdings, NLM) lagra på server hos uia.no.
- Termsettet NORMSH lagra hos NLM