Informatics Educational Institutions & Programs
Innhald
Karplantar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes Sinnott, 1935 |
Karplantar (Tracheophyta) er nemninga for alle landplantar bortsett frå mosane. Dei er kjenneteikna av eit indre vedvev som transporterer vatn og mineral inni planten, og eit ytre silvev som fraktar næringsstoff og sukker. «Kar» viser til vedrøyra i planten, og stammar frå eldre botanisk terminologi.[1] Karplantane er ei svært suksessrik plantegruppe med omlag 308 300 artar kjend i 2016[2] – nesten 90 % av alle landplantar.
Ut frå formeiringsmåten kan ein dela karplantane inn i to grupper, karsporeplantar og frøplantar, ut frå om dei formeirar seg med sporar eller frø. Berre frøplantane er ei naturleg eller monofyletisk gruppe. Karsporeplantane er svært forskjelligarta, til dømes er bregnane nærare i slekt med blomsterplantar enn med karsporegruppa kråkefotplantar.
Karplantane har utvikla seg over 350–500 millionar år, og er dermed langt eldre enn pattedyra og like gamle som fuglane og dei eldste attlevande insekta. Den vitskaplege grupperinga av karplantane er vanskeleg og omstridd, og blir stadig endra. Dei siste 200 åra har sett eit titals ulike måtar å gruppera dei etter eigenskapar og innbyrdes slektskap. I tillegg er enno mange grupper og artar dårleg kartlagt og forstått, og det fullstendige talet på artar er ukjent.
Karplantane er svært suksessrike. Dei har kolonisert heile jordkloden bortsett frå polområda. Størst suksess har dei einfrøblada grasartane hatt, og dei har enorm økonomisk verdi. Plantar i grasfamilien Poaceae – som ris, kveite, bygg, mais og hirse – har metta store delar av folkesetnaden på jorda dei siste 10 000 åra.
Eigenskapar
Som namnet tyder på, har karplantar leidningsvev (kar), med eit ytre silvev (floem) som fraktar næringsstoff, sukkerartar og sevje, og eit indre vedvev (xylem) som fraktar vatn og mineral.[3] Karfunksjonen er likevel ein eigenskap som er eldre enn den siste felles stamarten til karplantane. Også systergruppa bladmosar har sil- og vedvev.
Vatn er nødvendig for karplantane. Dei kan ha lite eller stort (sukkulent) vassinnhald i stamme og blad. Transpirasjonen til plantane (fordamping) av vatn frå blada bidreg saman med røtene sin osmosen (vassopptak) til å driva vatn gjennom planten. Dei treng nesten ingen energi til å frakta vatnet oppover stammen, sidan hydrogenbinding mellom vassmolekyla sørgjer for at det sist fordampa molekylet straks trekkjer neste molekyl oppover via elektronbindinga. Men fordampinga representerer ein fare for uttørking, og difor har fleire artar eit feittlag på blada som reduserer vasstapet.
I formeiringa er karsporeplantar (bregnar, kråkefotplantar og nokre mindre grupper) spore-dannande med to synlege generasjonar av planta. Motsett er frøplantar (bartre, blomstrande tofrøbladingar og grasaktige einfrøbladingar) frø-dannande, der den eine generasjonen blir gjennomlevd inne i frøet, og planten berre har éin synleg generasjon. Nokre plantar er eittårige, der kvart individ døyr om hausten og frøspreiinga dannar ein ny populasjon kvar vår, medan andre er fleirårige «staudar» som overvintrar og spirer i årevis. Staudane veks anten fram på ny av rotsystemet om våren, eller dei står heilårig som eviggrøne eller lauvfellande plantar.
I motsetnad til hos mosar og grønalgar er den sporeproduserande generasjonen (sporofytten) til karplantar blitt uavhengig av den kjønna generasjonen (gametofytten). Denne eigenskapen er eineståande for karplantane. Sporofyttane er nesten alltid diploide, med to sett av identiske kromosom i cellekjerna – eitt frå hocellene og eitt frå hanncellene. I dei fleste gruppene av karplantar er det sporofytten som er den dominerande, synlege generasjonen. Hjå mosar og mange algar, er det den haploide, kjønna gametofytten som er det mest framtredande livsstadiet.
Utbreiing og artar
Karplantane er etablert på alle kontinent og i slags klimasoner heilt opp til 6–7 000 moh. Medan det er om lag 275 000 artar av karplantar i verda, kjenner ein til ca. 12 000 artar i Europa og 2 880 artar i Noreg.[4]
Artsrikdommen avtek mot polane i sør og nord, og er størst i tropane. Til dømes har Montenegro i Sør-Europa med eit areal på berre 13 800 km² fleire artar[5] enn Noreg har på 30 gonger større areal, og til dømes Estland i Nord-Europa berre har 1 440 artar på sine 45 200 km².[6][7] Kjem ein heilt opp i den arktiske floraen, har Island berre 485 artar av karplantar på 103 000 km².[8] Svalbard ligg endå lengre mot nord og har endå færre artar, berre 165-170 artar av karplantar på 61 022 km², og av desse er heile 50 artar truga.[9][10]
Talet på artar for dei ulike gruppene av grøne plantar er slik:
Gruppe | Undergruppe | Norsk namn | Mengd artar | Noreg | Arktisk: Island 103 001 km³
|
Nordleg: Estland 45 227 km³
|
Sørleg: Montenegro 13 812 km³
|
---|---|---|---|---|---|---|---|
Grøne plantar | Viridiplantae | 305 000 | 4 082 | > 1 105 | > 2 070 | > 4 000 | |
Grønalgar | Chlorophyta | Grønalgar | [11] 3 800 | Totalt: [12] 100 |
Anslag: 25 |
Anslag: 50 |
Anslag: 150 |
Charophyta | Kransalgar | [13] 4 000–6 000 | |||||
Landplantar | Embryophyta | 296 000 | 3 982 | > 1 088 | > 2 020 | > 3 840 | |
Mosar | Marchantiophyta | Levermosar | [14] 6 000–8 000 | 277[15] | Totalt: 603 | Totalt: 525 | Totalt: 589 |
Anthocerotophyta | Nålkapselmoser | [16] 100–200 | [17] 2 | .. | .. | .. | |
Bryophyta | Bladmosar | [18] 12 000 | [19] 823 | .. | .. | 483 | |
Karplantar | Tracheophyta | 276 000 | [20] 2 880 | 485 | 1 498 | 3 250 | |
Karsporeplantar | Lycopodiophyta | Kråkefotplantar | [21] 1 200 | [22] 14 | 10 | 13 | .. |
Monilophyta | Bregneplantar | [23] 15 000 | [24] 61 | 30 | 50 | 60 | |
Frøplantar | Cycadophyta | Konglepalmar | [25] 160 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Ginkgophyta | Tempeltre | [26] 1 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Pinophyta | Bartre | [27] 630 | [28] 25 | 1 | 4 | 15 | |
Gnetophyta | Gnetumplantar | [29] 70 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Magnoliophyta | Dekkfrøplantar | [30] 258 650 | [31] 2 780 | 485 | 1 386 | > 3 100 |
Evolusjon
Dei viktigaste delingane som førte til spore- og frøberande karplantar fann stad i devontida, for dryge 400 millionar år sidan. Bregnar og andre karsporeplantar var spesielt talrike i karbontida for dryge 300 millionar år sidan, medan dagens typiske frøplantar utvikla seg seinare. Dei eldste plantefossila ein kan kalla karplantar er slektene Cooksonia og Rhynia, enkle plantar utan rettelege røter eller blad. Andre plantar frå same tidsrom som kan vera bindeledd mellom mosane og karplanten er Aglaophyton og Horneophyton.[1]
Fylogenien til karplantane, det vil seia den evolusjonære slektskapsutviklinga deira, kan framstillast i hierarkiske skjema som viser dei relative tidspunkta for kva tid ulike plantegrupper skilde lag og vidareutvikla seg frå felles stamformer til nye, sjølvstendige grupper med innbyrdes slektsskap (klader). Nedanfor vert karplantane sin fylogeni presentert, etter Kenrick & Crane[32] med plassering av bregnane (Polypodiopsida) etter Smith et al.:[33]
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Taksonomien til karplantane
Taksogrupperinga av karplantane har som mål å skapa system i den store mengda grupper og artar, uavhengig av den tidsmessige utviklinga av gruppene. Den botaniske systematikken er eit kompromiss mellom mange omsyn, der gruppene som blir sett opp aldri blir perfekte i høve til enkeltkriterium som til dømes slektskap. Nokre grupper har heilt klart separate eigenskapar, slik som einfrøblada plantar kontra tofrøblada. Vidare kan ein klade – ei gruppe artar med felles stamfar – avgrensast innan fylogenien, men blir ofte splitta opp i ulike grupper for å gje handterlege, mindre grupper i taksonomien. Det skjer raske endringar i taksonomien, og sjølv om DNA-analyse bidreg til opprydding har taksonomien ein blanda status i forskarkretsar. Han fungerer likevel som ein felles ståstad og er framleis det einerådande grunnlaget for skriftlege floraer og felthandbøker.
The Angiosperm Phylogeny Group opererer i APG II-systemet (2003) med 83 ordenar og 461 familiar av karplantar. Dette avløyser det eldre APG-I (1998–2003) og Cronquist-systemet (1981–98). Prosjektet Plant Systematics ved University of Maryland og Cornell University har identifisert 6 550 tidlegare og noverande grupper av karplantar i bruk over slekts-nivået, i tillegg til tusenvis av slekter.[34] Berre om lag 10 % av dei 6 550 historiske gruppenamna er i bruk i dag, eit teikn på omfattande flytting og redefinering av grupper gjennom dei siste to hundreåra.
Taksonomien opererer i stigande hierarki. Definisjonen av art (species), er allment akseptert, og slekt (genus) er ei relativt handterbar gruppe. Derimot skjer det oftare endringar i grupperinga av familie og orden, for ikkje å seia underklasse og klasse. På høgare nivå (underdivisjon, divisjon, fylum) blir samanhengane langt meir usikre – som når ein opererer med store grupper som «bregneplantar» eller Rosidae. Det faktiske slektskapet mellom artane blir gradvis meir usikkert når gruppene blir gjort meir omfattande.
Dei karsporeplantane som nedanfor er merka med «(usikker taksonomi)», har usikker gruppetilhøyring. Taksonomien til bregneplantane byggjer her på Smith et. al. (2006).[35]
For dei 5 klassane og 155 familiane som er vanlege i Norden, er utbreiinga merka med landkode i feit skrift med basis i det norske standardverket (2005)[36] og det nyaste nordiske standardverket (2007).[37]
Landkodane for nordisk utbreiing er: d Danmark, f Finland, i Island, n Noreg, sv Svalbard og s Sverige.
- Karplantar (Tracheophyta)
- KARSPOREPLANTAR (Pteridophyta)
- Klasse: Kråkefotplantar (Lycopodiophyta, Lycopodiopsida, Lycopsida)
- Orden: Uplassert (tidlegare Lycopodiales, Isoetales, Selaginellales)
- kråkefotfamilien (Lycopodiaceae) d f i n sv s (inkl. Huperziaceae og Phylloglossaceae )
- brasmegrasfamilien (Isoetaceae) d f i n s
- dvergjamnefamilien (Selaginellaceae) d f i n s
- Orden: Uplassert (tidlegare Lycopodiales, Isoetales, Selaginellales)
- Klasse: Snelleplantar (Equisetopsida, Sphenopsida)
- Orden: Uplassert (tidlegare: Equisetales)
- snellefamilien (Equisetaceae) d f i n sv s
- Orden: Uplassert (tidlegare: Equisetales)
- Underdivisjon Bregneplantar (Monilophytae, Monilophytes)
- Klasse: Psilotopsida? (Psilotopsida)
- Orden: Ormetungebregner (Ophioglossales)
- ormetungefamilien (Ophioglossaceae) d f i n sv s (usikker taksonomi)
- Orden: Psilotales (Psilotales)
- psilotaceae (Psilotaceae) (usikker taksonomi)
- Orden: Ormetungebregner (Ophioglossales)
- Klasse: Marattiopsida (Marattiopsida)
- Orden: Uplassert (tidlegare: Marattiales)
- marattiaceae (Marattiaceae) (usikker taksonomi)
- Orden: Uplassert (tidlegare: Marattiales)
- Klasse: Bregnar (Polypodiopsida, Pteridopsida)
- Orden: Pteridales (usikker taksonomi)
- parkeriaceae (Parkeriaceae) (usikker taksonomi)
- vittariaceae (Vittariaceae) (usikker taksonomi)
- Eigentlege bregnar (Leptosporangiatae)
- Orden: Osmundales (Osmundales)
- kongbregnefamilien (Osmundaceae) d n s
- Orden: Salvinales (flytebregnar)
- vassbregnefamilien (Marsileaceae) d f n s inkl. Pilulariaceae
- salviniaceae (Salviniaceae) inkl Azollaceae
- andematbregnefamilien (Azollaceae)
- Orden: Cyatheales (Cyatheales) (trebregnar)
- thyrsopteridaceae (Thyrsopteridaceae)
- loxomataceae (Loxomataceae)
- culcitaceae (Culcitaceae)
- plagiogyriaceae (Plagiogyriaceae)
- cibotiaceae (Cibotiaceae)
- cyatheaceae (Cyatheaceae) inkl. Alsophilaceae og Hymenophyllopsidaceae
- metaxyaceae (Metaxyaceae)
- Orden Hinnebregnar (Hymenophyllales)
- hinnebregnefamilien (Hymenophyllaceae) i n inkl. Trichomanaceae
- Orden: Gleicheniales (Gleicheniales)
- gleicheniaceae (Gleicheniaceae) inkl. Dicranopteridaceae og Stromatopteridaceae
- dipteridaceae (Dipteridaceae) inkl. Cheiropleuriaceae
- matoniaceae (Matoniaceae)
- Orden: Schizaeales (Schizaeales)
- lygodiaceae (Lygodiaceae)
- anemiaceae (Anemiaceae) inkl. Mohriaceae
- schizaeaceae (Schizaeaceae)
- Orden: Polypodiales (Polypodiales) (monotypisk)
- einstapefamilien (Dennstaedtiaceae) d f n s inkl. Hypolepidaceae, Monachosoraceae, og moglegvis Pteridiaceae (usikker taksonomi)
- pteridaceae (Pteridaceae) inkl. Acrostichaceae, Actiniopteridaceae, Anopteraceae, Antrophyaceae, Ceratopteridaceae, Cheilanthaceae, Cryptogrammaceae, Hemionitidaceae, Negripteridaceae, Platyzomataceae, Sinopteridaceae, Taenitidaceae, og moglegvis Adiantaceae, Parkeriaceae og Vittariaceae (usikker taksonomi)
- hestesprengfamilien (Adiantaceae) d i n s (usikker taksonomi)
- bjønnkamfamilien (Blechnaceae) d f i n s inkl. Stenochlaenaceae
- stortelgfamilien (Dryopteridaceae) d f i n s inkl. Aspidiaceae, Bolbitidaceae, Elaphoglossaceae, Hypodematiaceae og Peranemataceae
- sisselrotfamilien (Polypodiaceae) d f i n s inkl. Drynariaceae, Grammitidaceae, Gymnogrammitidaceae, Loxogrammaceae, Platyceriaceae og Pleurisoriopsidaceae
- småburknefamilien (Aspleniaceae) d f i n s
- hengevingfamilien (Thelypteridaceae) d f i n s
- storburknefamilien (Woodsiaceae) d f i n s inkl. Athyriaceae og Cystopteridaceae
- lindsaeaceae (Lindsaeaceae) inkl. Cystodiaceae og, Lonchitidaceae
- saccolomataceae (Saccolomataceae)
- onocleaceaefamilien (Onocleaceae)
- lomariopsidaceae (Lomariopsidaceae) inkl. Nephrolepidaceae
- hellebardbregnefamilien (Tectariaceae)
- oleandraceae (Oleandraceae)
- davalliaceae (Davalliaceae)
- Orden: Pteridales (usikker taksonomi)
- Klasse: Kråkefotplantar (Lycopodiophyta, Lycopodiopsida, Lycopsida)
- FRØPLANTAR (Spermatophyta, Spermopsida)
- Klasse: Nakenfrøingar (Gymnospermae)
- Underklasse: Bartre (Pinophyta, Pinopsida)
- Orden: Furuplantar (Pinales)
- furufamilien (Pinaceae) d f n s
- barlindfamilien (Taxaceae) d n s
- blomsterbarlindfamilien (Cephalotaxaceae)
- sypressfamilien (Cupressaceae)
- apeskrekkfamilien eller skjelgranfamilien (Araucariaceae)
- paraplyfurufamilien (Sciadopityaceae)
- gultrefamilien (Podocarpaceae)
- Orden: Furuplantar (Pinales)
- Underklasse: Gnetopsida (Gnetopsida)
- Orden: Efedraplantar (Ephedrales)
- efedrafamilien (Ephedraceae)
- Orden: Gnetumplantar (Gnetales)
- gnetumfamilien (Gnetaceae)
- Orden: Efedraplantar (Ephedrales)
- Underklasse: Welwitschia (Welwitschia)
- Welwitschia mirabilis
- Underklasse: Cycadopsida (Cycadopsida)
- Orden: Konglepalmar (Cycadales)
- konglepalmefamilien (Cycadaceae)
- stangeriafamilien (Stangeriaceae)
- zamiafamilien (Zamiaceae)
- Orden: Konglepalmar (Cycadales)
- Underklasse: Tempeltre (Ginkgopsida)
- Orden: Tempeltre (Ginkgoales)
- tempeltrefamilien (Ginkgoaceae)
- Orden: Tempeltre (Ginkgoales)
- Underklasse: Bartre (Pinophyta, Pinopsida)
- Klasse: Dekkfrøplantar (Angiospermae, Magnoliaphytina)
- Gruppe: «Primitive angiospermar» (Magnoliopsida)
- Orden: Usikker Nymphaeales?
- nøkkerosefamilien (Nymphaeaceae) d f n s
- cabombaceae (Cabombaceae)
- hydatellaceae (Hydatellaceae) (overført frå einfrøblada orden Poales etter DNA-studium)
- Orden: Austrobaileyales (Austrobaileyales)
- austrobaileyaceae (Austrobaileyaceae)
- kadsurafamilien (Schisandraceae)
- stjerneanisfamilien (Illiciaceae)
- trimeniaceae (Trimeniaceae)
- Klade: Eigentlege dekkfrøa plantar (Euangiospermae)
- Orden: Hornblad (Ceratophyllales?)
- hornbladfamilien (Ceratophyllaceae) d f n s
- Orden: Chloranthales (Chloranthales)
- chloranthaceae (Chloranthaceae)
- Klade: Magnoliaplantar (Magnoliidae)
- Orden: Magnoliales (Magnoliales)
- annonaceae (Annonaceae)
- degeneriaceae (Degeneriaceae)
- eupomatiaceae (Eupomatiaceae)
- himantandraceae (Himantandraceae)
- magnoliafamilien (Magnoliaceae)
- muskatnøttfamilien (Myristicaceae)
- Orden: Canellales (Canellales)
- canellaceae (Canellaceae)
- winteraceae (Winteraceae)
- Orden: Laurales (Laurales)
- atherospermataceae (Atherospermataceae)
- calycanthaceae (Calycanthaceae)
- gomortegaceae (Gomortegaceae)
- hernandiaceae (Hernandiaceae)
- laurbærfamilien (Lauraceae)
- monimiaceae (Monimiaceae)
- siparunaceae (Siparunaceae)
- Orden: Piperales (Piperales)
- holurtfamilien eller pipeurtfamilien (Aristolochiaceae) d f n s
- peparfamilien (Piperaceae)
- hydnoraceae (Hydnoraceae) (tidlegare : Rafflesiales)
- lactoridaceae (Lactoridaceae)
- saururaceae (Saururaceae)
- Orden: Usikker Nymphaeales?
- Underklasse: Tofrøbladingar (Dicotyledones)
- Klade: Eigentlege tofrøblada plantar (Eudicotyledoneae, Tricolpates)
- Orden: Usikker (Trochodendrales?) (antyda i APG II-systemet)
- trochodendraceae (Trochodendraceae) inkl. Tetracentraceae
- Orden: Ranunkelordenen (Ranunculales)
- berberisfamilien (Berberidaceae) d f n s
- circaeasteraceae (Circaeasteraceae )
- eupteleaceae (Eupteleaceae)
- lardizabalaceae (Lardizabalaceae)
- menispermaceae (Menispermaceae)
- soleiefamilien (Ranunculaceae) d f i n sv s
- valmuefamilien (Papaveraceae) d f i n sv s
- jordrøykfamilien (Fumariaceae) d f n s
- pteridophyllaceae (Pteridophyllaceae)
- Orden: Sabiales (Sabiales)
- sabiaceae (Sabiaceae) inkl. Meliosmaceae
- Orden: Proteales (Proteales)
- lotusfamilien (Nelumbonaceae)
- proteafamilien (Proteaceae)
- platanfamilien (Platanaceae)
- Orden: Buxales (Buxales) (antyda i APG II-systemet)
- buksbomfamilien (Buxaceae)
- Orden: Berberidopsidales (Berberidopsidales) (antyda i APG II-systemet)
- aextoxicaceae (Aextoxicaceae)
- berberidopsidaceae (Berberidopsidaceae)
- Orden: Caryophyllales (Caryophyllales)
- achatocarpaceae (Achatocarpaceae)
- middagsblomfamilien (Aizoaceae)
- amarantfamilien (Amaranthaceae) n
- ancistrocladaceae (Ancistrocladaceae)
- asteropeiaceae (Asteropeiaceae)
- barbeuiaceae (Barbeuiaceae)
- basellaceae (Basellaceae)
- nellikfamilien (Caryophyllaceae) d f i n sv s
- kaktusfamilien (Cactaceae)
- didiereaceae (Didiereaceae)
- dioncophyllaceae (Dioncophyllaceae)
- soldoggfamilien (Droseraceae) d f i n s
- drosophyllaceae (Drosophyllaceae)
- frankeniafamilien (Frankeniaceae)
- gisekiaceae (Gisekiaceae)
- halophytaceae (Halophytaceae)
- hinnebegerfamilien (Plumbaginaceae) d f i n s
- mirakelblomfamilien (Nyctaginaceae)
- molluginaceae (Molluginaceae)
- kannebærerfamilien (Nepenthaceae)
- physenaceae (Physenaceae)
- kermesbærfamilien (Phytolaccaceae)
- slireknefamilien eller syrefamilien (Polygonaceae) d f i n sv s
- portulakkfamilien (Portulacaceae) d f n s
- rhabdodendraceae (Rhabdodendraceae)
- sarcobataceae (Sarcobataceae)
- jojobafamilien (Simmondsiaceae)
- stegnospermataceae (Stegnospermataceae)
- tamariskfamilien (Tamaricaceae) n s
- Orden: Dilleniales (Dilleniales) (antyda i APG II-systemet)
- dilleniaceae (Dilleniaceae)
- Orden: Gunnerales (Gunnerales) (antyda i APG II-systemet)
- gunnerusbladfamilien (Gunneraceae)
- myrothamnaceae (Myrothamnaceae)
- gunnerusbladfamilien (Gunneraceae)
- Orden: Santalales (Santalales)
- balanophoraceae (Balanophoraceae)
- erythropalaceae (Erythropalaceae)
- loranthaceae (Loranthaceae)
- misodendraceae (Misodendraceae)
- olacaceae (Olacaceae)
- opiliaceae (Opiliaceae)
- sandeltrefamilien eller trådurtfamilien (Santalaceae) d n s
- schoepfiaceae (Schoepfiaceae)
- Orden: Saxifragales (Saxifragales)
- altingiaceae (Altingiaceae)
- aphanopetalaceae (Aphanopetalaceae)
- katsurafamilien (Cercidiphyllaceae)
- bergknappfamilien (Crassulaceae) d f i n sv s
- cynomoriaceae (Cynomoriaceae)
- daphniphyllaceae (Daphniphyllaceae)
- ripsfamilien (Grossulariaceae) d f n s
- tusenbladfamilien (Haloragaceae) d f i n s
- trollhasselfamilien (Hamamelidaceae)
- iteaceae (Iteaceae)
- peonfamilien (Paeoniaceae)
- penthoraceae (Penthoraceae)
- peridiscaceae (Peridiscaceae)
- pterostemonaceae (Pterostemonaceae)
- sildrefamilien (Saxifragaceae) d f i n sv s
- tetracarpaeaceae (Tetracarpaeaceae)
- Orden: Usikker (Trochodendrales?) (antyda i APG II-systemet)
- Klade: Rosidae
- Orden: Vitales (Vitales)[38]
- vinrankefamilien eller vinfamilien (Vitaceae)
- Orden: Crossosomatales (Crossosomatales)
- blærenøttfamilien (Staphyleaceae)
- crossosomataceae (Crossosomataceae)
- stachyuraceae (Stachyuraceae)
- Orden: Aphloiales (Aphloiales) (antydes i APG II-systemet, alternativt: Crossosomatales)[39]
- aphloiaceae (Aphloiaceae)
- geissolomataceae (Geissolomataceae)
- ixerbaceae (Ixerbaceae)
- picramniaceae (Picramniaceae)
- strassburgeriaceae (Strassburgeriaceae)
- Orden: Geraniales (Geraniales)
- francoaceae (Francoaceae )
- storkenebbfamilien (Geraniaceae) d f i n s
- ledocarpaceae (Ledocarpaceae)
- melianthaceae (Melianthaceae)
- vivianiaceae (Vivianiaceae)
- Orden: Myrtales (Myrtales)
- alzateaceae (Alzateaceae)
- combretaceae (Combretaceae)
- crypteroniaceae (Crypteroniaceae)
- heteropyxidaceae (Heteropyxidaceae)
- kattehalefamilien (Lythraceae) d f n s
- melastomataceae (Melastomataceae)
- memecylaceae (Memecylaceae)
- myrtefamilien (Myrtaceae)
- oliniaceae (Oliniaceae)
- mjølkefamilien eller nattlysfamilien (Onagraceae) d f i n s
- penaeaceae (Penaeaceae)
- psiloxylaceae (Psiloxylaceae)
- rhynchocalycaceae (Rhynchocalycaceae)
- vochysiaceae (Vochysiaceae)
- Underklade: Fabidar (Eurosidae I)
- Orden: Uplassert
- huaceae (Huaceae)
- Orden: Zygophyllales (Zygophyllales) (antyda i APG II-systemet)
- leddbladfamilien (Zygophyllaceae) (inkluderer Krameriaceae i APG II-systemet)
- Orden: Fabales (Fabales)
- erteblomfamilien (Fabaceae) d f i n s
- tamarindfamilien (Leguminosae-Caesalpinioideae)
- mimosafamilien (Leguminosae-Mimosoideae)
- blåfjørfamilien (Polygalaceae) d f n s
- quillajaceae (Quillajaceae)
- surianaceae (Surianaceae)
- erteblomfamilien (Fabaceae) d f i n s
- Orden: Celastrales (Celastrales)
- spolebuskfamilien (Celastraceae) d s
- jåblomfamilien (Parnassiaceae) d f i n s
- lepidobotryaceae (Lepidobotryaceae)
- Orden: Malpighiales (Malpighiales) (inkluderer Rafflesiales i APG II-systemet)
- achariaceae (Achariaceae)
- balanopaceae (Balanopaceae)
- bonnetiaceae (Bonnetiaceae)
- caryocaraceae (Caryocaraceae)
- centroplacaceae (Centroplacaceae)
- chrysobalanaceae (Chrysobalanaceae)
- perikumfamilien (Clusiaceae)
- ctenolophonaceae (Ctenolophonaceae)
- dichapetalaceae (Dichapetalaceae)
- evjeblomfamilien (Elatinaceae) d f n s
- kokafamilien (Erythroxylaceae)
- vortemjølkfamilien (Euphorbiaceae) d f n s
- euphroniaceae (Euphroniaceae)
- goupiaceae (Goupiaceae)
- humiriaceae (Humiriaceae)
- hypericaceae (Hypericaceae)
- irvingiaceae (Irvingiaceae)
- ixonanthaceae (Ixonanthaceae)
- lacistemataceae (Lacistemataceae)
- linfamilien (Linaceae) d f i n s
- lophopyxidaceae (Lophopyxidaceae)
- malpighiaceae (Malpighiaceae)
- malesherbiaceae (Malesherbiaceae)
- medusagynaceae (Medusagynaceae)
- ochnaceae (Ochnaceae)
- pandaceae (Pandaceae)
- pasjonsblomfamilien (Passifloraceae)
- phyllanthaceae (Phyllanthaceae)
- picrodendraceae (Picrodendraceae)
- podostemaceae (Podostemaceae)
- putranjivaceae (Putranjivaceae)
- quiinaceae (Quiinaceae)
- rafflesiaceae (Rafflesiaceae) (tidlegare Rafflesiales)
- rhizophoraceae (Rhizophoraceae)
- vierfamilien eller pilefamilien (Salicaceae) d f i n sv s
- trigoniaceae (Trigoniaceae)
- turneraceae (Turneraceae)
- fiolfamilien (Violaceae) d f i n s
- Orden: Oxalidales (Oxalidales)
- averrhoaceae (Averrhoaceae)
- brunelliaceae (Brunelliaceae)
- cephalotaceae (Cephalotaceae)
- connaraceae (Connaraceae)
- cunoniaceae (Cunoniaceae)
- elaeocarpaceae (Elaeocarpaceae)
- gaukesyrefamilien (Oxalidaceae) d f i n s
- Orden: Rosales (Rosales) (inkluderer Urticales i APG II-systemet)
- barbeyaceae (Barbeyaceae)
- hampefamilien (Cannabaceae) d f n s
- dirachmaceae (Dirachmaceae)
- sølvbuskfamilien eller tindvedfamilien (Elaeagnaceae) d f n s
- morbærfamilien (Moraceae)
- trollheggfamilien (Rhamnaceae) d f n s
- rosefamilien (Rosaceae) d f i n sv s
- almefamilien (Ulmaceae) d f n s
- neslefamilien (Urticaceae) d f i n s
- Orden: Cucurbitales (Cucurbitales)
- anisophylleaceae (Anisophylleaceae) (usikker taksonomi)
- begoniafamilien (Begoniaceae)
- coriariaceae (Coriariaceae)
- corynocarpaceae (Corynocarpaceae)
- graskarfamilien (Cucurbitaceae)
- datiscaceae (Corynocarpaceae)
- tetramelaceae (Tetramelaceae)
- Orden: Fagales (Fagales)
- bøkefamilien (Fagaceae) d f n s
- bjørkefamilien (Betulaceae) d f i n sv s
- jerntrefamilien (Casuarinaceae)
- porsfamilien (Myricaceae) d f n s
- sørbøkfamilien (Nothofagaceae)
- valnøttfamilien (Juglandaceae)
- rhoipteleaceae (Rhoipteleaceae )
- ticodendraceae (Ticodendraceae )
- Underklade: Malvider (Eurosidae II)
- Orden: Huerteales eller Tapisciales (antyda i APG II-systemet)
- dipentodontaceae (Dipentodontaceae)
- gerrardinaceae (Gerrardinaceae)
- tapisciaceae (Tapisciaceae)
- Orden: Malvales (Malvales)
- bixaceae (Bixaceae)
- solrosefamilien (Cistaceae) d f n s
- cochlospermaceae (Cochlospermaceae)
- cytinaceae (Cytinaceae) (systergruppe til Muntingiaceae)
- diegodendraceae (Diegodendraceae)
- dipterocarpaceae (Dipterocarpaceae)
- kattostfamilien (Malvaceae) d f n s
- muntingiaceae (Muntingiaceae)(systergruppe til Cytinaceae)
- neuradaceae (Neuradaceae)
- sarcolaenaceae (Sarcolaenaceae)
- sphaerosepalaceae (Sphaerosepalaceae)
- tysbastfamilien (Thymelaeaceae) d f n s
- Orden: Brassicales (Brassicales)
- akaniaceae (Akaniaceae)
- bataceae (Bataceae)
- kapersfamilien (Capparaceae, Capparidaceae)[40]
- papayafamilien (Caricaceae)
- cleomaceae (Cleomaceae)
- krossblomfamilien (Cruciferae) d f i n sv s
- emblingiaceae (Emblingiaceae )
- gyrostemonaceae (Gyrostemonaceae)
- koeberliniaceae (Koeberliniaceae)
- limnanthaceae (Moringaceae)
- moringaceae (Moringaceae)
- pentadiplandraceae (Pentadiplandraceae)
- resedafamilien (Resedaceae) d f n s
- salvadoraceae (Salvadoraceae)
- setchellanthaceae (Setchellanthaceae)
- stixaceae (Stixaceae) (inkludert i kapersfamilien)
- tovariaceae (Tovariaceae)
- blomkarsefamilien (Tropaeolaceae)
- Orden: Sapindales (Sapindales)
- sumakfamilien (Anacardiaceae)
- biebersteiniaceae (Biebersteiniaceae)
- balsamfamilien (Burseraceae)
- kirkiaceae (Kirkiaceae)
- mahognifamilien (Meliaceae)
- nitrariaceae (Nitrariaceae) inkl. Peganaceae og Tetradiclidaceae)
- rutefamilien eller sitrusfamilien (Rutaceae)
- lønnefamilien (Sapindaceae)
- bittervedfamilien (Simaroubaceae)
- Orden: Vitales (Vitales)[38]
- Klade: Korgplante-kladen (Asteridae)
- Orden: Cornales (Cornales)
- kornellfamilien (Cornaceae) d f i n s
- curtisiaceae (Curtisiaceae)
- grubbiaceae (Grubbiaceae)
- hortensiafamilien (Hydrangeaceae)
- hydrostachyaceae (Hydrostachyaceae)
- loasaceae (Loasaceae)
- nyssaceae (Nyssaceae)
- Orden: Ericales (Ericales)
- kattebuskfamilien (Actinidiaceae)
- springfrøfamilien (Balsaminaceae) d f n s
- clethraceae (Clethraceae)
- cyrillaceae (Cyrillaceae)
- fjellprydfamilien (Diapensiaceae) f i n s
- ibenholtfamilien (Ebenaceae)
- lyngfamilien (Ericaceae) d f i n sv s
- kreklingfamilien (Empetraceae) d f i n sv s
- fouquieriaceae (Fouquieriaceae)
- lecythidaceae (Lecythidaceae)
- lissocarpaceae (Lissocarpaceae) (usikker plassering)
- maesaceae (Maesaceae)
- marcgraviaceae (Marcgraviaceae)
- mitrastemonaceae (Mitrastemonaceae) (tidligere: Rafflesiales eller Malpighales)
- pellicieraceae (Pellicieraceae)
- pentaphyllacaceae (Pentaphyllacaceae)
- fjellflokkfamilien (Polemoniaceae) f n sv s
- nøkleblomfamilien (Primulaceae) d f i n s
- fredlausfamilien (Myrsinaceae)
- roridulaceae (Roridulaceae)
- sapodillefamilien (Sapotaceae)
- fluetrompetfamilien (Sarraceniaceae) s
- sladeniaceae (Sladeniaceae)
- styracaceae (Styracaceae)
- symplocaceae (Symplocaceae)
- ternstroemiaceae (Ternstroemiaceae)
- tetrameristaceae (Tetrameristaceae)
- tebuskfamilien (Theaceae)
- theophrastaceae (Theophrastaceae)
- Underklade: Euasteridae I (Euasteridae I)
- Orden: Usikker
- rubladfamilien (Boraginaceae) d f i n sv s inkl. honningurtfamilien (Hydrophyllaceae)) (ev. i korgplantetordenen Asterales)
- icacinaceae (Icacinaceae)
- oncothecaceae (Oncothecaceae)
- vahliaceae (Vahliaceae)
- Orden: Garryales (Garryales)
- eucommiaceae (Eucommiaceae)
- garryaceae (Garryaceae)
- Orden: Gentianales (Gentianales)
- gravmyrtfamilien (Apocynaceae)
- gelsemiaceae (Gelsemiaceae)
- søterotfamilien (Gentianaceae) d f i n sv s
- Klade loganiaceae (Loganiaceae) inkl. stryknintrefamilien
- maurefamilien (Rubiaceae) d f i n s
- Orden: Lamiales (Lamiales)
- akantusfamilien (Acanthaceae)
- trompettrefamilien (Bignoniaceae)
- byblidaceae (Byblidaceae)
- calceolariaceae (Calceolariaceae)
- carlemanniaceae (Carlemanniaceae)
- fagerblomfamilien (Gesneriaceae)
- leppeblomfamilien (Labiatae, Lamiaceae) d f i n s
- blærerotfamilien (Lentibulariaceae) d f i n s
- martyniaceae (Carlemanniaceae)
- myoporaceae (Myoporaceae)
- oliventrefamilien eller oljetrefamilien (Oleaceae) d f n s
- snylterotfamilien (Orobanchaceae) d s
- paulowniaceae (Paulowniaceae)
- sesamfamilien (Pedaliaceae)
- gjøglarblomfamilien (Phrymaceae)
- kjempefamilien (Plantaginaceae) d f i n s
- Underfamilie vasshårfamilien (Callitrichaceae) d f i n s
- plocospermataceae (Plocospermataceae)
- schlegeliaceae (Schlegeliaceae)
- brunrotfamilien (Scrophulariaceae) d f i n sv s
- stilbaceae (Stilbaceae)
- tetrachondraceae (Tetrachondraceae)
- jernurtfamilien (Verbenaceae) d s
- Orden: Solanales (Solanales)
- vindelfamilien (Convolvulaceae) d f n s
- hydroleaceae (Hydroleaceae)
- montiniaceae (Montiniaceae)
- søtvierfamilien eller potetfamilien (Solanaceae) d f n s
- sphenocleaceae (Sphenocleaceae)
- Underklade: Euasteridae II (Euasteridae II)
- Orden: Bruniales (Bruniales)
- bruniaceae (Bruniaceae)
- columelliaceae (Columelliaceae) (+ Desfontainiaceae)
- Orden: Usikker
- eremosynaceae (Eremosynaceae) = syn. Escalloniaceae
- escalloniaceae (Escalloniaceae) = syn. Eremosynaceae (+ Tribelaceae)
- paracryphiaceae (Paracryphiaceae) (+ Sphenostemonaceae og Quintiniaceae)
- polyosmaceae (Polyosmaceae)
- Orden: Korgplanteordenen (Asterales)
- alseuosmiaceae (Alseuosmiaceae)
- argophyllaceae (Argophyllaceae)
- korgplantefamilien (Asteraceae) d f i n sv s
- rubladfamilien (Boraginaceae) d f i n sv s inkl. honningurtfamilien (Hydrophyllaceae)) (ev. i Euasteridae I)
- calyceraceae (Calyceraceae)
- klokkefamilien eller botnegrasfamilien (Campanulaceae) d f i n sv s
- goodeniaceae (Goodeniaceae) (inkl. Brunoniaceae)
- bukkebladfamilien (Menyanthaceae) d f i n s
- pentaphragmaceae (Pentaphragmaceae)
- phellinaceae (Phellinaceae)
- rousseaceae (Rousseaceae) (inkl. Carpodetaceae)
- stylidiaceae (Stylidiaceae) (inkl. Donatiaceae)
- Orden: Apiales (Apiales)
- skjermplantefamilien (Apiaceae) d f i n s
- bergflettefamilien (Araliaceae) d n s
- aralidiaceae (Aralidiaceae)
- griseliniaceae (Griseliniaceae)
- mackinlayaceae (Mackinlayaceae)
- melanophyllaceae (Melanophyllaceae)
- myodocarpaceae (Myodocarpaceae)
- pennantiaceae (Pennantiaceae)
- pittosporaceae (Pittosporaceae)
- torricelliaceae (Torricelliaceae)
- Orden: Aquifoliales (Aquifoliales)
- kristtornfamilien (Aquifoliaceae) d n s
- cardiopteridaceae (Cardiopteridaceae)
- helwingiaceae (Helwingiaceae)
- phyllonomaceae (Phyllonomaceae)
- stemonuraceae (Stemonuraceae)
- Orden: Dipsacales (Dipsacales)
- moskusurtfamilien (Adoxaceae) d f n s
- kaprifolfamilien eller kaprifoliumfamilien (Caprifoliaceae) d f n s
- diervillaceae (Diervillaceae )
- kardeborrefamilien (Dipsacaceae) d f i n s
- linneafamilien (Linneaceae) d f n s
- morinaceae (Morinaceae )
- vendelrotfamilien (Valerianaceae) d f i n s
- Orden: Cornales (Cornales)
- Klade: Eigentlege tofrøblada plantar (Eudicotyledoneae, Tricolpates)
- Underklasse: Einfrøblada plantar (Monocotyledones, Liliopsida)
- Orden: Usikker
- petrosaviaceae (Petrosaviaceae)
- Orden: Acorales (Acorales) (antydast i APG II-systemet)
- kalmusrotfamilien (Acoraceae) d f n s (uplassert i APG II-systemet)[41]
- Orden: Alismatales (Alismatales)
- vassgrofamilien (Alismataceae) d f n s
- aponogetonaceae (Aponogetonaceae)
- myrkonglefamilien (Araceae) d f n s
- brudelysfamilien (Butomaceae) d f n s
- cymodoceaceae (Cymodoceaceae)
- froskebitfamilien (Hydrocharitaceae) d f n s
- saulaukfamilien (Juncaginaceae) d f i n s
- andematfamilien (Lemnaceae) d f n s[42]
- limnocharitaceae (Limnocharitaceae)
- posidoniaceae (Posidoniaceae)
- tjønnaksfamilien (Potamogetonaceae) d f i n s
- havgrasfamilien (Ruppiaceae)
- sivblomfamilien (Scheuchzeriaceae) d f n s
- bjønnbroddfamilien (Tofieldiaceae) f i n s
- vasskransfamilien (Zannichelliaceae)
- ålegrasfamilien (Zosteraceae)
- Orden: Aspargesordenen (Asparagales)
- påskeliljefamilien eller Amaryllidaceae d f i n s inkl Agapanthaceae, Alliaceae (laukfamilien)
- sandliljefamilien (Anthericaceae] d s (ev. inkludert i Agavaceae)
- aspargesfamilien (Asparagaceae) d f n s (tidlegare inkl Agavaceae, Aphyllanthaceae, Convallariaceae, Hesperocallidaceae, Hyacinthaceae, Laxmanniaceae, Ruscaceae, Themidaceae)
- agavefamilien (Agavaceae) (i APG II-systemet inkluderer den Anemarrhenaceae, Sandliljefamilien (Anthericaceae), Behniaceae, Herreriaceae)
- asteliaceae (Asteliaceae)
- blandfordiaceae (Blandfordiaceae)
- boryaceae (Boryaceae)
- konvallfamilien (Convallariaceae) d f n s
- doryanthaceae (Doryanthaceae)
- hyasintfamilien (Hyacinthaceae) d f n s
- hypoxidaceae (Hypoxidaceae)
- sverdliljefamilien (Iridaceae) d f n s
- ixioliriaceae (Ixioliriaceae)
- lanariaceae (Lanariaceae)
- orkidéfamilien (Orchidaceae) d f i n s
- tecophilaeaceae (Tecophilaeaceae)
- xanthorrhoeaceae (Xanthorrhoeaceae, inkl. aloëfamilien, dagliljefamilien)
- Underfamilie aloefamilien (Asphodelaceae)
- Underfamilie dagliljefamilien (Hemerocallidaceae)
- xeronemataceae (Xeronemataceae)
- Orden: Yamsrotordenen (Dioscoreales)
- burmanniaceae (Burmanniaceae)
- yamsrotfamilien (Dioscoreaceae)
- romefamilien (Nartheciaceae) d n s
- Orden: Liljeordenen (Liliales)
- alstroemeriaceae (Alstroemeriaceae)
- campynemataceae (Campynemataceae)
- tidlausfamilien (Colchicaceae) d n s
- corsiaceae (Corsiaceae) (i APG II-systemet sidan 2003)
- liljefamilien (Liliaceae) d f n s
- luzuriagaceae (Luzuriagaceae)
- giftliljefamilien (Melanthiaceae) f n (i APG II-systemet inkluderer denne firbladfamilien/trebladfamilien (Trilliaceae))
- Underfamilie firbladfamilien eller trebladfamilien (Trilliaceae)
- philesiaceae (Philesiaceae)
- rhipogonaceae (Rhipogonaceae)
- smilacaceae (Smilacaceae)
- Orden: Pandanales (Pandanales)
- cyclanthaceae (Cyclanthaceae)
- pandanaceae (Pandanaceae)
- stemonaceae (Stemonaceae)
- triuridaceae (Triuridaceae)
- velloziaceae (Velloziaceae)
- Orden: Usikker
- Klade: Commelinidae (Commelinidae)
- Orden: Usikker
- dasypogonaceae (Dasypogonaceae)
- Orden: Commelinales (Commelinales)
- dagblomfamilien (Commelinaceae)
- haemodoraceae (Haemodoraceae)
- hanguanaceae (Hanguanaceae)
- philydraceae (Philydraceae)
- vasshyasintfamilien (Pontederiaceae)
- Underorden: Palmar (Arecales)
- palmefamilien (Arecaceae)
- Orden: Poales (Poales)
- anarthriaceae (Anarthriaceae)
- ananasfamilien (Bromeliaceae)
- centrolepidaceae (Centrolepidaceae)
- storrfamilien eller halvgrasfamilien (Cyperaceae) d f i n sv s
- ecdeiocoleaceae (Ecdeiocoleaceae)
- eriocaulaceae (Eriocaulaceae)
- flagellariaceae (Flagellariaceae)
- joinvilleaceae (Joinvilleaceae)
- sivfamilien (Juncaceae) d f i n sv s[43]
- mayacaceae (Mayacaceae)
- grasfamilien (Poaceae) d f i n sv s
- rapateaceae (Rapateaceae)
- restionaceae (Restionaceae)
- piggknoppfamilien (Sparganiaceae) d f i n s
- thurniaceae (Thurniaceae)
- dunkjevlefamilien (Typhaceae) d f n s
- xyridaceae (Xyridaceae) (inkluderer familien Abolbodaceae)
- Orden: Ingefærplantar (Zingiberales)
- cannaceae (Cannaceae)
- costaceae (Costaceae)
- heliconiaceae (Heliconiaceae)
- lowiaceae (Lowiaceae)
- pilrotfamilien (Marantaceae)
- bananfamilien (Musaceae)
- strelitziaceae (Strelitziaceae)
- ingefærfamilien (Zingiberaceae)
- Orden: Usikker
- Klasse: Nakenfrøingar (Gymnospermae)
- KARSPOREPLANTAR (Pteridophyta)
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «Karplanter», Botanisk- og plantefysiologisk leksikon, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet - Institutt for biovitenskap, 4. februar 2011
- ↑ Christenhusz, M. J. M. & Byng, J. W. (2016). «The number of known plants species in the world and its annual increase». Phytotaxa (Magnolia Press) 261 (3): 201–217. doi:10.11646/phytotaxa.261.3.1.
- ↑ Karplanter, Naturhistorisk Museum
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7. utgåve, Samlaget 2005.
- ↑ Nature protection and biodiversity (Montenegro) - European Environment Agency. 2011.
- ↑ Estonia Arkivert 2011-01-01 ved Wayback Machine. – European Information Platform for Plants. 2011.
- ↑ A ja O Taskuteatmik Eesti, Eesti Entsüklopeediakirjastus, Tallinn 2007, side 174.
- ↑ Iceland Arkivert 2012-03-12 ved Wayback Machine. – European Information Platform for Plants. 2011.
- ↑ Verneområdene på Svalbard, brosjyre fra Direktoratet for naturforvaltning, side 9. ISBN 978-82-7072-779-7
- ↑ Miljøstatus Svalbard[daud lenkje] - Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard.
- ↑ Van den Hoek, C., D. G. Mann, & H. M. Jahns, 1995. Algae: An Introduction to Phycology, side 343, 350, 392, 413, 425, 439, & 448. Cambridge University Press. ISBN 0-521-30419-9
- ↑ Havforskningsinstituttet Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. – «Dyrking og utnyttelse av marine makroalger».
- ↑ Van den Hoek, C., D. G. Mann, & H. M. Jahns, 1995. Algae: An Introduction to Phycology, side 457, 463, & 476. Cambridge University Press. ISBN 0-521-30419-9
- ↑ Crandall-Stotler, Barbara. & Stotler, Raymond E., 2000. «Morphology and classification of the Marchantiophyta», side 21, i: A. Jonathan Shaw & Bernard Goffinet (red.), Bryophyte Biology. Cambridge University Press. ISBN 0-521-66097-1
- ↑ Universitetet i Bergen, arkivert frå originalen 23. november 2005, henta 25. januar 2017
- ↑ Schuster, Rudolf M., The Hepaticae and Anthocerotae of North America, Nr VI, side 712–713. (Field Museum of Natural History, Chicago 1992. ISBN 0-914-86821-7.
- ↑ Universitetet i Bergen Arkivert 2005-11-23 ved Wayback Machine. – Arboretum, «Moser i Mosehagen», besøkt 23.april 2009.
- ↑ William R. Buck (red.), «Systematics of the Bryophyta (Mosses): From molecules to a revised classification», i: Monographs in Systematic Botany, Nr. 98, 2004, side 205–239. Missouri Botanical Garden Press.
- ↑ Universitetet i Bergen Arkivert 2005-11-23 ved Wayback Machine. – Arboretum, «Moser i Mosehagen», besøkt 23.april 2009.
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7.utgave, Samlaget 2005.
- ↑ Raven, Peter H., Ray F. Evert, & Susan E. Eichhorn, 2005. Biology of Plants, 7. utgåve. W. H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-1007-2.
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7.utgave, Samlaget 2005, side 103–109.
- ↑ Smith, A. R., K. M. Pryer, et al. «A classification for extant ferns», i: Taxon, Nr. 55 (3), 2006, side 705-731.
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7. utgåve, Samlaget 2005, side 109–139. Lid & Lid reknar snelleplantar med 16 norske artar som eigen klasse, men her reknast dei med blant bregneplantane.
- ↑ Gifford, Ernest M. & Adriance S. Foster, Morphology and Evolution of Vascular Plants, 3. utgåve, 1988, side 358. W. H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-1946-0.
- ↑ Taylor, Thomas N. & Edith L. Taylor, The Biology and Evolution of Fossil Plants, 1993, side 636. Prentice-Hall, New Jersey. ISBN 0-13-651589-4.
- ↑ Raven, Peter H., Ray F. Evert, & Susan E. Eichhorn, 2005. Biology of Plants, 7. utgåve. W. H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-1007-2.
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7. utgåve, Samlaget 2005, side 140–149.
- ↑ Raven, Peter H., Ray F. Evert, & Susan E. Eichhorn, 2005. Biology of Plants, 7. utgåve. W. H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-1007-2.
- ↑ International Union for Conservation of Nature and Natural Resources, 2006. IUCN Red List of Threatened Species:Summary Statistics
- ↑ Jonannes Lid og Dagny Tande Lid (red. Reidar Elven), Norsk Flora, 7. utgåve, Samlaget 2005, side 150–1120.
- ↑ Kenrick, Paul & Peter R. Crane. 1997. The Origin and Early Diversification of Land Plants: A Cladistic Study. (Washington, D.C.: Smithsonian Institution Press). ISBN 1-56098-730-8.
- ↑ Smith, Alan R., Kathleen M. Pryer, E. Schuettpelz, P. Korall, H. Schneider, & Paul G. Wolf. (2006). «A classification for extant ferns». Taxon 55(3): 705–731.
- ↑ University of Maryland – Indices Nominum Supragenericorum Plantarum Vascularium fra Plant Systematics-prosjektet.
- ↑ Smith, A. R., K. M. Pryer, E. Schuettpelz, P. Korall, H. Schneider & P. G. Wolf. 2006: «A classification for extant ferns». Tidsskriftet Taxon 55(3):705–731. online tilgjengelig versjon, bortsett frå for ormetungefamilien, Psilotaceae og ordenen Pteridales.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid, Reidar Evjen (red.), Norsk Flora, 7. utgåva, Det norske Samlaget, Oslo 2005. ISBN 978-82-521-6029-1.
- ↑ Lennart Stenberg (red.), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0.
- ↑ Sannsynlegvis ein orden som er ei systergruppe til heile den øvrige gruppa av Rosidae.
- ↑ Nokre forskarar plasserer desse fem familiane i Crossomatales: Matthews, M. L. og P. K. Endress (2005)[daud lenkje]: «Comparative floral structure and systematics in Crossosomatales (Crossosomataceae, Stachyuraceae, Staphyleaceae, Aphloiaceae, Geissolomataceae, Ixerbaceae, Strasburgeriaceae)», Botanical Journal of the Linnean Society Nr 147, 2005, side 1-46.
- ↑ Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007), side 206.
- ↑ Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007), side 740.
- ↑ Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007), side 743.
- ↑ Fem artar på Svalbard. I tillegg er heisiv (Juncus squarrosus) funne ved ein tidlegare russisk gruveby i Colesbukta på Svalbard, men ein reknar med at denne kan ha blitt innført. Lid & Lid, Norsk flora, 2005, side 927.
- Denne artikkelen bygger på «Karplantar» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
- Litteratur
- Cheifetz, Anna, Clare, Double, Loretta Barnard, Denise Imwold, Botanica's Pocket Annuals & Perennials, Könemann – Random House, Australia 2004. ISBN 3-8331-2162-9.
- Johnson, Owen & David More: Collins Tree Guide, Collins, London 2004, versjon 2006. ISBN 978-0-00-720771-8.
- Lid, Johannes & Dagny Tande Lid, Reidar Elven (red.), Norsk Flora, Det norske Samlaget, Oslo 2007. ISBN 978-82-521-6029-1.
- Raven, Peter H., Ray F. Evert, & Eichhorn, Susan E., Biology of Plants, 7. utgåve. W. H. Freeman and Company, New York 2005. ISBN 0-7167-1007-2.
- Smith, A. R., K. M. Pryer, et al, «A classification for extant ferns», i Taxon, Nr. 55 (3), 2006, side 705–731.
- Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.
- Nettstader
- Artsdatabanken.no Arkivert 2012-03-28 ved Wayback Machine. – offisiell norsk taksonomi for karplantar.
- ITIS – oversyn over gruppene innan karplantar (Traceobionta).
- Plant Systematics.org frå University of Maryland.
- Systematisk liste over dei historiske og noverande gruppene av karplantar frå Plant Systematics.org.
- Angiosperm Phylogeny Website – frøplante-ordenar med skildring av familiar frå Angiosperm Phylogeny Group hos Mobot.org.
- L. Watson og M. J. Dallwitz Arkivert 2015-02-13 ved Wayback Machine., 1992–, The Families of Flowering Plants, skildring av alle familiar av blomsterplantar.