FAIR and interactive data graphics from a scientific knowledge graph

Luftforsvaret


Skipa1944
MorselskapDet norske forsvaret
HovudkontorRygge flystasjon
LandNoreg
Nettstadhttps://forsvaret.no/luftforsvaret (bokmål)
Det norske luftforsvaret sitt kjennemerket på flya.
Norsk F-16 i Roma 2004

Luftforsvaret er den yngste forsvarsgreina i det norske forsvaret. Ho har luftmakt som hovudprodukt. Hærens flyvevesen vart oppretta i 1915 og Marinens flyvevesen vart oppretta i 1916. Desse to vart sameina til ei eiga våpengrein i 1944. Luftforsvaret har som hovudoppgåve å drive overvaking, kontroll og varsling i luftrommet over norsk territorium og havområda omkring det; offensive flyoperasjonar mot invasjonsstyrker under åtak; lufttransport av personell og utstyr for innsetjing i invasjonsforsvaret; oppretthalde og forsvare ein baseorganisasjon for eiga verksemd og for mottaking av alliert hjelp; deltaking i norske vernebuingsstyrkar i FN og NATO; sjøreddings- og ambulanseteneste og lufttransport til støtte for det sivile samfunnet og som lekk i internasjonal hjelp.

Styrke i fred: Ca. 2130 personar, der ca. 1430 er offiserar og sivilt tilsette medan ca. 600 er vernepliktige. Styrken ved mobilisering er ca. 5518 personar.

Luftforsvaret utgjer sju flystasjonar, to kontroll- og varslingsstasjonar, to utdanningssenter, ti skvadronar og to luftvernartilleribataljonar.

Luftforsvaret rår over 57 F-16 kampfly, 6 NASAMS luftvern-batteri, 12 Westland Sea King redningshelikopter, 6 P-3 Orion maritime overvakingsfly, 6 C-130 Hercules transportfly, 6 Westland Lynx helikopter, 18 Bell helikopter, 3 DA-20 Jet Falcon transportfly og 16 Saab Safari.[treng kjelde]

Bakgrunnsstoff