FAIR and interactive data graphics from a scientific knowledge graph
Innhald
Ceuta | |||
سَبْتَة | |||
by | |||
Offisielt namn: Ciudad Autónoma de Ceuta | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Del av | Extrapeninsular Spain | ||
Areal | 18,5 km² | ||
Folketal | 83 039 (2023) | ||
Grunnlagd | 14. mars 1995 | ||
Tidssone | UTC+1 | ||
Ceuta 35°53′12″N 5°18′00″W / 35.886667°N 5.3°W | |||
Kart som viser Ceuta.
| |||
Wikimedia Commons: Ceuta |
Ceuta er ein spansk ekslave i Marokko i Nord-Afrika, på det nørdste punktet i Maghreb, ved middelhavskysten sør for Gibraltarsundet. Han har eit areal på om lag 28] km². Namnet «Ceuta» kjem av det latinske namnet frå romartida, Septem Fratres ('sju brør').
Ceuta ligg på ein odde som forbind Monte Hacho, ein av dei tradisjonelle «Herkulessøylene», med fastlandet. Byen har ei god hamn med mykje ferjetrafikk med Spania. Fiske og fiskeindustri, bryggjeri og verkstader er viktige verksemder. Ceuta er også ein garnisonsby. Ceuta er inngjerda og sterkt vakta for å hindra ulovleg innvandring frå Afrika til Europa. Marokko gjer krav på byen, saman med dei andre spanske områda Melilla og fleire middelhavsøyar.
Opphavleg var Ceuta ein fønikisk koloni. Seinare tilhøyrde han romarar, vandalar, bysantinarar, arabarar, portugisarar (1415–1580) og spanjolar (frå 1580). I mellomalderen var Ceuta ein viktig handelsby.
Kjelder
- Ceuta (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 18. august 2013.