Effects of the storage conditions on the stability of natural and synthetic cannabis in biological matrices for forensic toxicology analysis: An update from the literature

Metan

Strukturformel for metan

Lewisstruktur for metan
Andre namnKarban
Metylhydrid
Sumpgass (upresist)
Kjemisk formelCH4
Molmasse16,043 g/mol
Atommasse16,031 atommasseeining
UtsjånadFargelaus gass
Eigenskapar
Smeltepunkt-182,5 °C
Kokepunkt-161,5 °C
CAS-nummer74-82-8
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Metan (CH4) er eit organisk molekyl som består av eit karbonatom og fire hydrogenatom, og er dermed det enklaste alkanet. Metan opptrer i gassform under normale tilhøve og blir rekna for å vere ein drivhusgass.

Eigenskapar

Metangass er ein fargelaus, luktfri og brannfarleg gass som er lettare enn luft. Blanding av metan og luft kan vera eksplosiv og har gjennom historia forårsaka mange alvorlege gruveulukker.

I motsetnad til dei andre enkle alkana (etan, propan og butan) kan ein ikkje omdanne metan til væske under høgt trykk. Metan blir difor kalla ein tørrgass.

Metan er meir effektiv som drivhusgass enn karbondioksid.

Metanmolekylet har tetraedrisk struktur.

Bruk av metan

Metan blir brukt som varmekjelde i bustader og til forbrenning i industrien, mellom anna ved energiproduksjon i gasskraftverk. I Noreg er bruken av gass til oppvarming og matlaging i private bustader førebels ikkje så vanleg, men aukar stadig.

Metan er hovudelement i produksjon av metanol.

Som ein hovudkomponent i naturgass er metan nyttig som drivstoff. Forbrenning av eit metanmolekyl med oksygen til stades, gir eitt karbondioksidmolekyl (CO2) og to vassmolekyl (H2O):

CH4 + 2 O2 → CO2 + 2 H2O

Førekomst og danning av metan

Metan er eit av hovudelementa i jordatmosfæren og spelar ei rolle under danninga av nattskyer. Metan er òg eit hovudelement i atmosfæren rundt andre planetar, til dømes rundt Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Til tross for det låge kokepunktet på 162 minusgrader, finn ein likevel metan i fast form som is på enkelte månar og planetar i solsystemet.

Metan blir danna i naturen ved at organisk materiale (plante- og dyrerestar) rotnar. Ein får òg danna metan ved nedbryting av søppel og husdyrgjødsel, noko som har ført til eksplosjonsulukker og brannar på gardsbruk og søppelplassar. Som ein kuriositet kan nemnast at ei ku i snitt produserer 500 liter metangass i løpet av ein dag.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Metan