Effects of the storage conditions on the stability of natural and synthetic cannabis in biological matrices for forensic toxicology analysis: An update from the literature
Innhald
Aktiva (frå latin eintal aktivum, av activus, 'aktiv, verksam')[1] er eit rekneskapsuttrykk for eigedelar eller rettar som har formuesverdi.[2]
Aktivasida representerer debetsida i balanserapporten, der eigedelane kan stillast opp side om side med passiva, som representerer kredittsida i balanserapporten. I ei slik oppstilling ligg aktiva til venstre og passiva til høgre.
Eigedelane (eller aktiva) delast som hovudregel inn i anleggsmiddel og omløpsmiddel. Anleggsmiddela delast vidare inn i:
- immaterielle eigedelar,
- varige driftsmidlar og
- finansielle anleggsmiddel.
Anleggsmiddel er eigedelar som er fastsette til varig eige eller bruk. Andre eigedelar er omløpsmiddel. Elles er det normalt å trekkje skiljet mellom anleggsmiddel og omløpsmiddel med utgangspunkt i at omløpsmiddel ventast å bli brukt eller på annan måte realisert i løpet av eitt år.
Element som inngår i verksemda sitt varekrinsløp, som varelager og kundefordringar, skal uansett klassifiserast som omløpsmiddel uavhengig av kva tid verksemda faktisk bruker/realiserer desse eigedelane i produksjonsprosessen.
Kjelder
- ↑ «aktivum» i Nynorskordboka.
- ↑ «Aktiva». Store norske leksikon. 31. desember 2015. Henta 11. april 2017.