Cybersecurity and privacy risk assessment of point-of-care systems in healthcare: A use case approach

Sjå òg namnet Kristen

Kristne er folk som vedkjenner seg kristendommen, ein monoteistisk religion som byggjer på læra til den jødiske Jesus frå Nasaret. Kristne er den største gruppa som følgjer éin religion i verda, men er delte inn i fleire ulike kyrkjesamfunn. Ein reknar med at det finst over 2 milliardar kristne i verda.[1]

«Men det hende seg, at dei var saman eit heilt år hjå kyrkjelyden og lærde mykje folk, og i Antiokia vart læresveinarne fyrst kalla kristne.»

Apg. 11,26 etter Studentmållagsbibelen

Ordsoge

Tilhengjarane av Jesus og religionen dei skapte har fått namn etter nemninga Jesus Kristus, gresk Khristos 'den salva, Kristus', som er ei omsetjing av det hebraiske ordet Messias. Omgrepet khristianos (Χριστιανός) har gjennom latin christianus og gammalengelsk komme til norsk via det norrøne adjektivet kristinn.[2]

I følgje Apostelgjerningane var det dei gresktalande læresveinane i kyrkjelyden i Antiokia som fyrst vart kalla kristne.[3] Den eldste kjende bruken av omgrepet utanfor Bibelen var då keisar Nero ifølge historikaren Tacitus gav kristne skulda for storbrannen i Roma i 64.

Kjelder

Fotnotar

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .