LabLynx Wiki
Innhald
Keramikk er ulike typar leirgods gjort haldbart ved brenning, til dømes leirtøy, steintøy, tegl, terrakotta, fajanse, majolika, raku og porselen. Ei rekke bruksgjenstander og kunst er laga som keramikk.
Ordet keramikk kjem frå det greske keramos, 'leire'.[1] Ein person som driv med keramikk blir kalla keramikar eller i eldre språkbruk pottemakar.[2]
Eigenskapane til keramikken kjem mellom anna an på kva type leire ein bruker og kva temperatur ein brenn godset ved. Ein skil mellom porøst gods, som ein brenn ved kring 1000 °C, og sintra gods, som ein brenn ved 1100 °C og høgare.[3]
Kjelder
- ↑ «keramikk» i Nynorskordboka.
- ↑ «pottemakar» i Nynorskordboka.
- ↑ Opstad, Lauritz (26. juni 2019). «keramikk». Store norske leksikon (på norsk).