Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Wangari Maathai

Fødd1. april 1940
Nyeri
Død25. september 2011 (71 år)
Statsborgar avKolonien Kenya, Kenya
Yrkebiolog, lærar, veterinær, politikar, miljøvernar, aktivist
InstitusjonarYale University
Utdanna vedLoreto High School, Limuru
Benedictine College
University of Pittsburgh
Universitetet i Giessen
Ludwig-Maximilians-Universität München
Universitetet i Nairobi
EktefelleMwangi Maathai
BarnWanjira Mathai
MedlemAlpha Kappa Alpha
Nobel Women's Initiative
Alle verv
  • Minister of Environment of Kenya (2003–2005)
  • Member of the National Assembly (2002–2007) Sjå dette på Wikidata

Wangari Muta Maathai (1. april 194025. september 2011) var ein kenyansk miljøvernar og politikar. Ho mottok Nobels fredspris for 2004.

Maathai vart fødd i Nyeri i Kenya. Ho var den første kenyanske kvinna som tok doktorgraden i 1971. Dette kunne skje fordi ho fekk stipend til å studera biologi i USA og Tyskland. Etter at ho la merke til den raske forørkninga i Kenya starta ho Grønt belte-rørsla i 1977. I løpet av fjorten år planta rørsla 30 millionar tre.

Som opposisjonspolitikar med sterkt engasjement for miljøvern og kvinnerettar blei Maathai sett på som farleg for regimet til Daniel arap Moi, og blei fengsla fleire gonger. I 2002 blei Maathai likevel velt inn i det kenyanske parlamentet, og i 2003 blei ho utnemnd til visemiljøvernminister.

Ho har fått ei rekke prisar for arbeidet sitt, til dømes Petra-Kelly-Preis frå Heinrich-Böll-Stiftung og den norske Sofieprisen i 2004. 8. oktober det same året annonserte Nobelkomitéen at ho hadde vunne Nobels fredspris.

Maathai vart diagnostisert for kreft i juli 2010. Ho døydde i Nairobi, der ho fekk behandling for sjukdommen.[1]

Kjelder