Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Endra lenkjer

Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.[1]

Lærargrupper

Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:[2]

Lærarutdanning

Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:

  • Førskulelærarutdanning på tre år.
  • Ålmennlærarutdanning på fire år.
  • Yrkesfaglærarutdanning på tre år.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.
  • Integrert mastergrad (femårig).

Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Historikk

Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.

Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning på 1800-talet.

I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.

Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga tre-årig, bygd på gymnas/studiekompetanse, og frå 1992 fire-årig.

Den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.

Kjelder

  1. «Pedagog», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 7. november 2024 
  2. «Lærerutdanning», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 7. november 2024 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Lærar