Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Cholet | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Pays-de-la-Loire Maine-et-Loire | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 87,47 km² | ||
Flatevidd - By |
87,47 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
54 204 620/km² | ||
Koordinatar | 47°03′36″N 00°52′42″W / 47.06000°N 0.87833°W | ||
Høgd over havet | 124 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.ville-cholet.fr | |||
Plassering | |||
Cholet er ein by vest i Frankrike i departementet Maine-et-Loire i regionen Pays-de-la-Loire, 65 km søraust for Nantes. I dag har byen om lag 55 000 innbyggjarar, medan han i 1906 hadde 16 554 innbyggjarar. Cholet er sentrum for tettatdområdet Cholet, som har rundt 107 000 innbyggjarar.[1]
Cholet ligg på ei høgd på høgre side av elva Moine, som vert kryssa av ei bru på 1400-talet.[2]
Veveindustrien gjorde at byen blømde under Edouard Colbert, greve av Maulevrier og bror til Jean-Baptiste Colbert.[2] Byen leid kraftig naud under Opprøret i Vendée, særleg under slaget ved Cholet den 17. oktober 1793. 60-70 % av byen blei øydelagd,[3] og av eit folketal på 8 400-8 500 omkom eller forsvann rundt 5 000.[4]
Ved byrjinga av 1900-talet blei det henta ut granitt i steinbrot nær byen. Hovudnæringa her var produksjon av lin og linlommetørkle, som også blei produsert i nabokommunar i stor skala. Det blei også laga ull- og bomullstekstilar her. Cholet var det viktigaste senteret i Frankrike for sal av slaktefe til oppføding, sauer og svin, med Paris som den viktigaste marknaden.[2]
Det finst fleire små og mellomstore bedrifter rundt byen, i tillegg til avdelingar av fleire internasjonale føretak. Området har noko av den lågaste arbeidsløysa i Frankrike. Tekstilindustrien har gjeve opphav til tilknytte aktivitetar, som motegymnas, tekstilmuseum og konfeksjonsføretak som Catimini.
Av større føretak som er aktive i Cholet kan nemnast:
Det ligg ein offentleg park på eigedommen til det gamle slottet. Offentlege bygg og kyrkjer er moderne bygg. Eglise du Sacré-Cœur frå 1939 er bygd i bysantinsk romanesk stil, utforma av den lokale arkitekten Maurice Laurentin.[6] Eglise Notre-Dame er rekna som eit monument historique.[7]
Det finst fleire megalittar i området.[2]
Eit tekstilmuseum, Musée du Textile, syner fram dei tradisjonelle maskinane ein brukte til å laga dei kjende lommetørkla frå byen, i tillegg til teknikkane og den munnlege og lokale historia knytt til denne industrien.