Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Barbara McClintock (16. juni 1902–2. september 1992) var ein amerikansk genetikar. Den mest kjende oppdaginga til McClintock er dei såkalla hoppande gena (transposonar) hos mais. Ho fekk nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1983. Ho er den einaste kvinnelege eine-mottakaren av nobelprisen i denne kategorien.[1]
I 1986 vart McClintock votert inn i National Women's Hall of Fame.
Barbara McClintock var fødd i Hartford i Connecticut som Eleanor McClintock , det tredje av dei fire barna til lækjaren Thomas Henry McClintock og Sara Handy McClintock.[2] Allereie i tidleg alder var ho sjølvstendig, ein eigenskap som McClintock sjølv seinare skildra som evna hennar til å vere einsam. Frå om lag tre års alder til ho byrja på skulen budde McClintock hos tanta og onkelen sin i Brooklyn i New York for å minske den finansielle byrda på foreldra medan faren etablerte den medisinske praksisen sin. Ho vart skildra som eit avskilt og sjølvstendig barn og som guteaktig. Ho stod faren nær, men hadde eit komplisert forhold til mor si.[3]
McClintock gjennomførte Erasmus Hall High School i Brooklyn der ho interesserte seg for naturvitskap.[4] For å kunne halde fram med studiane sine byrja ho i 1919 på Cornell University.
McClintock disputerte i 1927 som Ph.D. i botanikk ved Cornell University, der ho seinare skulle leie forskinga innan cytogenetikken til mais,[5] det området som skulle dominere forskarkarrieren hennar. Frå det seine 1920-talet studerte McClintock kromosom og forandringane dei gjennomgår når mais reproduserer seg. Ho utvikla metodar for å synleggjere kromosom hos mais og kunne ved å studere desse i mikroskop påvise fleire fundamentale genetiske mekanismar, som genetisk rekombinasjon ved overkrossing i meiosen, mekanismen ved danninga av kjønnsceller der kromosoma kan utveksle informasjon.
McClintock skapa det fyrste genetiske kartet for mais basert på lenka gen, som sit så nære kvarandre at dei som oftast vert arvde saman. Ho kopla også delar av kromosoma til fysiske eigenskapar og viste funksjonane til telomerane og centromerane, som er viktige for korleis informasjonen vert bevart og ført vidare. McClintock mottok fleire stipend så vel som at ho vart vald i National Academy of Sciences i 1944.
I 1940- og 1950-åra oppdaga McClintock transposonet, som ho utnytta til å vise korleis gena påverkar fysiske eigenskapar. Ho utvikla teoriar for å forklare korleis gen kan «stengjast av» eller «setjast på» mellom forskjellige generasjonar hos maisplanta. Etter at forskinga hennar og implikasjonane av henne vart møtt med skepsis, slutta ho i 1953 med å publisere resultata sine.
Seinare gjennomførte McClintock eit omfattande cytogenetisk og etnobotanisk studium på maisrasar frå Sør-Amerika. I 1960- og 1970-åra fekk forskarverda stadig større forståing for forskinga til McClintock. No kunne forskarar nøyare vise korleis mekanismane bak genetiske forandringar og genregulering fungerer, mekanismar som McClintock tidlegare hadde observert hos mais i forskinga si i 1940- og 1950-åra.
For arbeidet sitt vart McClintock tildelt fleire prisar, mellom anna nobelprisen i fysiologi og medisin i 1983 for oppdaginga av transposonar.
Etter nobelpristildelinga verka McClintock som leiar og forskar ved Cold Spring Harbor Laboratory på Long Island i New York. Ho døydde av naturlege grunnar i Huntington i New York i 1992, 90 år gammal. Ho gifta seg ikkje, og hadde ingen barn.[6][7]